Historisk arkiv

Kulturministeren held mottaking for Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturminister Linda Hofstad Helleland er vertskap for ei mottaking tysdag 31. mai for å markere 20-årsjubileet for Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL). Mottakinga vert halden i Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 frå kl. 16.00 til 17.30.

Statsminister Erna Solberg vil vere til stades i tillegg til leiarane for dei ulike medlemssamfunna i STL og sentrale aktørar i arbeidet med trus- og livssynsdialogen i Noreg. 

Det er høve til fotografering og intervju under arrangementet.

Presse som ønskjer å vere til stades, må registrere seg før kl. 15.30 i Riddervolds gate 2. Hugs pressekort.

Tid: Tysdag 31. mai, kl. 16.00 - 17.00
Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg, Parkveien 45

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL)

STL er ein paraplyorganisasjon som består av 14 ulike medlemssamfunn. Medlemmene representerer heile breidda i det norske trus- og livssynslandskapet. Hovudoppgåva for STL er å fremje gjensidig respekt og forståing mellom trus- og livssynssamfunna, og å arbeide for likebehandling av religions- og livssynssamfunn i Noreg.