Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kulturministeren overrekte jubileumsgåve på 15 millionar til Den Norske Turistforening

Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT) fekk i dag ein gåvesjekk pålydande 15 millionar kroner av kulturminister Trine Skei Grande.

Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang og kulturminister Trine Skei Grande med gåvesjekken.
Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang mottok gåvesjekken frå kulturminister Trine Skei Grande. Foto: Wenche Nybo/Kulturdepartementet

Sjekken er ei gåve i høve DNT sitt 150-årsjubileum i år. Regjeringa ønskte å gje ei gåve som skulle bidra til å vidareføre og styrkje Turistforeininga sitt viktige arbeid med å leggje til rette for naturopplevingar for heile folket, og i 2017 blei det avgjort at DNT skulle få halve overskotet frå lottotrekninga 25. august i år, med ei øvre grense på 15 millionar kroner. Pengane skal i første rekkje bli brukte til bygging og oppgradering av DNT sine hytter i heile landet

Bilete av gåvesjekken pålydande 15 millionar kroner
Foto: Wenche Nybo/Kulturdepartementet
Gruppebilete med generalsekretæren, kulturministeren og lokallagsledere i DNT.
Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang og kulturminister Trine Skei Grande med lokallagsleiarar i DNT. Foto: Wenche Nybo/Kulturdepartementet
Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang og kulturminister Trine Skei Grande foran ein vegg med Turistforeninga sin "T" med farga reinlav i DNT sine lokalar.
Foto: Wenche Nybo/Kulturdepartementet

 

Til toppen