Kunngjering av støtte til organisasjonar for 2016 (kap. 1138 post 70)

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei tilskotsordning der målet er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde.

Departementet kan gi støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:

  • formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
  • fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt
  • bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytt til gardsbruk og bygdenæringar
  • fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
  • fremjar likestilling i arbeidet sitt 

Organisasjonar som ønskjer støtte over ordninga må søke, og søkjarane må oppfylle krav i regelverket. Tilskot blir gitt som grunnstøtte. Storleiken på tilskota til organisasjonar blir fastsett kvart år ut frå innkomne søknadar og budsjettramme. I vurdering av søknadane inngår kriteriar som m.a. organisasjonens formål, medlemstal, aktivitet på landsbasis og oppbygging, samt ei vurdering av søkjarane etter overordna målsetjingar. Sjå Landbruks- og matdepartementet sine budsjettproposisjonar og Stortinget si behandling av desse for å lese om tidlegare tildelingar. 

Det er inngått samarbeidsavtale med 14 organisasjonar over denne posten for perioden 2013-2015. Samarbeidsavtalane vil bli vidareført i 2016, og organisasjonane som har samarbeidsavtale med departementet treng ikkje søke på nytt for 2016. 

Søknadsfristen for støtte frå statsbudsjettets kap. 1138 post 70 for 2016 er 1. juni 2015.

Berre søknadar som er motteke innan fristen vil bli behandla. Søkjarane vil få ei stadfesting per e-post som bekreftar at søknaden er motteke innan fristen. Forslag til fordeling av midlar for 2016 vil gå fram av Landbruks- og matdepartementet sin budsjettproposisjon for 2015-2016. Endeleg fordeling av midlar blir gjort av Stortinget ved behandling av budsjettet, og svar på søknaden blir sendt søkjarane i januar-februar 2016. 

Følgjande skal leggast ved søknaden:

  • årsmelding/årsberetning for 2014
  • godkjent rekneskap for 2014
  • budsjett for 2016 som synleggjer inntekter og utgifter
  • kontingentinntekter og eventuelle tilskot/refusjonar/inntekter frå andre skal spesifiserast både i rekneskap og budsjett
  • opplysingar om talet på medlemmar og oversikt over ev. lokallag
  • beskriving av aktivitet i organisasjonen som er med på å bygge opp under målsettingane for ordninga. 
     
  • Regelverk for ordninga

Innsending av søknad:

postmottak@lmd.dep.no

Ved spørsmål, kontakt:

Telefon 22 24 92 50 eller e-post: postmottak@lmd.dep.no.

Kunngjøringen ble første gang publisert 13.4.2015