Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kunngjering av støtte til organisasjonar for 2020

Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei tilskotsordning der målet er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde.

Departementet kan gi støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:

  • formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
  • fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt
  • bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytt til gardsbruk og bygdenæringar
  • fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
  • fremjar likestilling i arbeidet sitt.

Organisasjonar som ønskjer støtte over ordninga må søke. Søkjarane må oppfylle krav i regelverket. Tilskot blir gitt som grunnstøtte. Storleiken på tilskota til organisasjonar blir fastsett kvart år ut frå innkomne søknadar og budsjettramme. I vurdering av søknadane inngår kriteriar som m.a. organisasjonens formål, medlemstal, aktivitet på landsbasis og oppbygging, samt ei vurdering av søkjarane etter overordna målsetjingar. Sjå Landbruks- og matdepartementet sine budsjettproposisjonar og Stortinget si behandling av desse for å lese om tidlegare tildelingar.

I Prop. 1 S (2018-2019), blei det er varsla at det vil bli gjort ei gjennomgang av ordninga Støtte til organisasjoner over kap. 1138 post 70, med tanke på ei omlegging frå 2020. Departementet ser at det er behov for meir tid til arbeidet, og ordninga blir derfor lyst ut for søknadsåret 2020.

Søknadsfristen for støtte frå statsbudsjettets kap. 1138 post 70 for 2020 er 5. august 2019.
Berre søknadar som er motteke innan fristen vil bli behandla. Søkjarane vil få ei stadfesting per e-post som bekreftar at søknaden er motteke innan fristen. Forslag til fordeling av midlar vil gå fram av Landbruks- og matdepartementet sin budsjettproposisjon for 2020-2021. Endeleg fordeling av midlar blir gjort av Stortinget ved behandling av budsjettet, og svar på søknaden blir sendt søkjarane i januar-februar 2020.

Følgjande skal leggast ved søknaden:

Søknad med vedlegg sendast per e-post til postmottak@lmd.dep.no innan utgangen av 5. august 2020.

Kunngjeringa blei første gong publisert 24.06.2019

Til toppen