Statsbudsjettet 2018:

Kunnskap for framtidas jobbar

Regjeringa styrker norsk konkurranseevne gjennom satsing på kunnskap og forsking. I statsbudsjettet for 2018 foreslår regjeringa blant anna å styrke arbeidet med tidleg innsats i barnehage og grunnskole, og å styrke løyvingane til forsking, yrkesfag og fagskolar.

– Vi legg fram eit budsjett som vil gi alle barn ein god start i barnehagen, ein skole der elevane lærer meir, og ein utdannings- og forskingssektor som skaper fleire framtidsretta jobbar framover, seier kunnskapsminister Henrik Asheim.

Styrker arbeidet med tidleg innsats

Regjeringa foreslår ein auke på 100 millionar kroner til tidleg innsats i barnehagen og skolen. Ho vil også gi kommunane 200 millionar kroner gjennom dei frie inntektene til arbeidet med tidleg innsats.

 – Etter fire år med borgarleg styre er norsk skole på rett veg. Elevane lærer meir, er meir til stades, og fleire fullfører vidaregåande opplæring. Men framleis er det mange elevar som ligg på eit kritisk lågt nivå i lese- og reknedugleikar, seier Asheim.


Lærarspesialistar og satsing i barnehagen
For å styrke arbeidet med tidleg innsats vil regjeringa styrke satsinga på lærarspesialistar med 40 millionar kroner. For første gong skal det vere lærarspesialistar i begynnaropplæringa for 1. til 4. klasse. Spesialistane skal bidra til å utvikle undervisninga på dei skolane der dei arbeider, slik at elevane lærer meir.

Regjeringa foreslår også 40 millionar kroner til tiltak i barnehagen. Løyvinga skal gå til ei tilskottsordning for å styrke arbeidet i kommunane med å få fleire minoritetsspråklege barn til å gå i barnehage, og til å innføre ei plikt til samarbeid mellom barnehage- og skoleeigarane i kommunane.

– Tidleg innsats startar allereie i barnehagen. Der utviklar barna språket og vennskap. Derfor vil vi at fleire minoritetsspråklege barn går i barnehage, og at skolane er kjente med kva for erfaringar barna har med seg. Da får dei ein god start på skolegangen, seier Asheim.

600 millionar meir til langtidsplanen for forsking og høgre utdanning

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning med 600 millionar kroner i 2018.

– Ei sterk satsing på forsking og utvikling vil skape eit meir konkurransedyktig næringsliv og gi fleire grøne, framtidsretta og nyskapande jobbar, seier Asheim.

Med forslaget til statsbudsjett for 2018 vil løyvingane til dei varsla opptrappingane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen ha auka med totalt 2,9 milliardar kroner i perioden 2015–18.

Veksten i løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i statsbudsjettet er rekna ut til å utgjere om lag 300 millionar kroner. Realveksten i perioden 2013–18 har i snitt vore 3,0 prosent per år, og løyvingane utgjer 1,04 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2018.

70 millionar til yrkesfag og fagskolar

Regjeringa fører vidare satsinga på yrkesretta utdanningar i statsbudsjettet for 2018. Ho foreslår 32 millionar kroner til 638 nye studieplassar ved fagskolar. Ho foreslår også i overkant av 40 millionar kroner til å føre vidare satsinga på yrkesfag. Løyvinga skal blant anna gå til å rekruttere fleire verksemder med lærlingar, og til å styrke hospiteringsordninga for yrkesfaglærarane, og til å opprette fleire fleksible studieplassar for dei i distrikta som vil bli yrkesfaglærar.

 – Norsk arbeidsliv vil trenge mange yrkesfagutdanna i åra som kjem. Fagarbeidarar er viktige for norsk konkurranseevne. Derfor held vi fram med å satse på dei yrkesretta utdanningane, seier kunnskapsministeren.