Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby besøker Innlandet tysdag 1. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Mange elevar byrjar i vidaregåande opplæring utan dei faglege føresetnadene dei treng for å fullføre. Og talet på elevar som har psykiske vanskar aukar. Det er også ei utfordring at fagopplæringa ikkje dekker behova til arbeidslivet godt nok. På skolebesøka vil statsråden få innspel til ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring. Meldinga kjem våren 2021.

Program

Kl. 13.30 – 14.45 Besøk på Ringsaker videregående skole, Skolevegen 16, 2380 Brumunddal.

Statsråden skal møte elevar, tilsette og Tore Gregeresne frå Innlandet fylkeskommune. Guri Melby får høyre korleis skolen arbeider for å heve kompetansen til lærarane for å at elevane skal få betre resultat, gjennomføre skoleløpet og bestå.

Kl. 15.15 – 16.00 Besøk på Høgskolen i Innlandet, Campus Hamar, Holsetgata 31, 2318 Hamar.

Statsråden møter Tore Gregersen frå fylkeskommunen og professor ved Høgskolen i Innlandet, Thomas Nordahl. Dei skal fortelje korleis dei arbeider med oppfølging av skolane og med kollektivt kompetanseløft av lærarar.

Pressa er invitert med på alle besøka, og statsråden er tilgjengeleg for intervju.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Katarina Theis-Haugan, mobil: 970 792 07