Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) besøker Vestfold og Telemark fylke torsdag 1. oktober

Statsråden ønskjer å besøke Teie skole på Nøtterøy og Færder vidaregåande skole i Tønsberg. Dei to har utmerka seg på kvar sin måte.

I haust tek skolane i bruk dei nye læreplanane. Ein av skolane som har klart å førebu seg godt, trass koronapandemien, er Teie skole på Nøtterøy. Statsråden ønskjer difor å sjå korleis skolen jobbar.

Statsråden vil også besøke Færder vidaregåande skole fordi dei er spesielt flinke til å få elevar til å fullføre. I 2013 var det i snitt berre 67,5 prosent av elevane ved skolen som fullførte. I 2020 er talet 82 prosent. På skolebesøket vil statsråden få innspel til arbeidet med ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring. Meldinga kjem våren 2021.

Program

Kl 11.15 - 12.15

Besøk på Teie skole, Grindstuveien 31, 3121 Nøtterøy

Statsråden skal møte elevar på 2., 4. og 7. trinn, og tilsette.

Kl 12.30 – 13.30

Besøk Færder videregående skole, Banebakken 44, 3127 Tønsberg

Statsråden skal møte yrkesfaglege elevar i verkstadhallen for Vg2 køyretøy, og Vg2 bil, skade og lakk. Tema er mellom anna kva som er viktig for at dei skal fullføre utdanninga, og snakke om samarbeid mellom skole og næringsliv.

Statsråden vil også møte tilsette ved skulen. Tema er psykisk helse, trivsel og inkludering.

Pressa er invitert med på begge besøka, og statsråden er tilgjengeleg for intervju.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Hanne Roald, 98 66 07 37