Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner besøker Jessheim vidaregåande skole i Ullensaker og Kirkeparken vidaregåande skole i Moss

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner ønsker nye elevar ved Jessheim vidaregåande skole velkomne til første skoledag tysdag 20.august. Statsråden vil også vere med på ein samfunnsfagstime ved Kirkeparken vidaregåande skole i Moss.

Program:

08.30 - 09.30                  

Jan Tore Sanner besøker Jessheim vidaregåande skole. Sanner møter blant andre elevar som har sin første skoledag på VG1 yrkesfag, og i mottaksklassane. Han møter også lærarar, og elevar på VG2 som kan fortelje om overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole.

Adresse: Ringveien 60, 2050 Jessheim 

11.00 - 12.00

Statsråden besøker Kirkeparken vidaregåande skole i Moss. Der får statsråden bli med på ein time og snakke om samfunnsfag med elevane.

Adresse: Dronningens gate 22, 1530 Moss(inngang Chrysties gate)

Kontakt:
Dersom journalistar ønsker å intervjue statsråden på Jessheim eller i Moss, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset på mobil 93435930 eller mail rask@kd.dep.no