Kunnskaps- og integreringsministeren kjem til Kristiansand onsdag 26. juni for å besøke sommarskole og lokale bedrifter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 41 | Dato: 24.06.2019
Statsråd Jan Tore Sanner skal først besøke sommarskolen i Kristiansand når han kjem til Sørlandet 26. juni. Deretter møter han lokale bedrifter for å høyre korleis regjeringa kan gjere det enklare å drive små bedrifter i Noreg. Statsråden vil blant anna møte Boss industri, som er ein del av klynga NODE.
Regjeringa reiser denne veka rundt i landet for å besøke fleire hundre små bedrifter. Målet er å få innspel til ein ny strategi for små og mellomstore bedrifter. 95 prosent av alle bedriftene i Noreg har færre enn 50 tilsette og over éin million arbeidstakarar jobbar i disse bedriftene.
Program onsdag 26. juni:
10.45 – 11.30
|
Sanner besøker Sommarskolen i Kristiansand. Adresse: Grim Skole, Møllevannsveien 50, 4617 Kristiansand |
12.00 – 13.00 |
Statsråden deltek i lunsjsamtale med små bedrifter i Kristiansand. Adresse: Rigedalen 41, 4626 Kristiansand |
13.30 – 14.15
|
Statsråden besøker Boss Industri for å høyre korleis det er å drive bedrifta, og for å få ein presentasjon av klynga NODE, som Boss industri er ein del av. Dette er altså ein del av ein turne, "Småbedriftslivet", regjeringa har denne veka. Adresse: Bosmyrkollen 2, 4620 Kristiansand. |
Kontakt:
Pressa er velkomne til å delta. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset på mail rask@kd.dep.no eller telefon 93435930 for å melde interesse.