Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsministeren held pressekonferanse i Molde og besøkjer Veslefrikk barnehage i Ålesund 4. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Jan Tore Sanner vil følgje opp forslaget til ny barnehagelov for private barnehagar, og fortel kva han vil gjere når han besøkjer Utdanningsdirektoratet i Molde 4. september.

I april blei nytt regelverk for private barnehagar send ut på høyring. Under eit besøk i Molde fortel Sanner kva han vil gjere.

Kunnskaps- og integreringsministeren tar også turen til Ålesund for å besøkje Veslefrikk barnehage. Besøket er ein del av ein turne statsråden har hatt dei siste månadene der han ønskjer å løfte fram gode eksempel og ha dialog om korleis skolar og barnehagar kan arbeide godt med tidleg innsats. Veslefrikk skårar veldig bra på foreldreundersøkinga til Utdanningsdirektoratet.

Tidleg innsats for å fange opp barnehagebarn og elever som slit, er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. I dag får for mange barn hjelp for seint, og for mykje av hjelpa blir gitt av ukvalifiserte. Regjeringa jobbar med ei Stortingsmelding om tidleg innsats som kjem i haust.

 

Program onsdag 4. september:

09.30 – 10.15                

Jan Tore Sanner besøkjer Utdanningsdirektoratet i Molde.

Stad: Britvegen 4, 6411 Molde

 

14.00 – 14.45

 

 

Kunnskaps- og integreringsminister Sanner besøkjer Veslefrikk barnehage i Ålesund.

Stad: Bolsethvegen 31, 6011 Ålesund

Kontakt:
Pressa er velkomen begge stader. Dersom journalistar ønskjer å intervjue statsråden kan dei kontakte kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset på mobil 93435930 eller mail rask@kd.dep.no