Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsministeren inviterer til nytt møte med integreringspanelet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 11. september vil kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner diskutere kvardagsintegrering med integreringspanelet.

Integreringspanelet er ein rådgivande ressurs for ministeren og departementet i arbeidet med integreringsstrategien, og dette blir andre gongen dei møtast.

Integreringspanelet består av 12 deltakarar. Dei har kompetanse på ulike område, og erfaringar med å vere innvandrar i Noreg. Panelet er oppnemnt av Kunnskapsdepartementet for perioden 2018-2019.

Stad:   Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18

Tid:      11. september kl. 14 - 16

Program:

  • Innleiing v/ kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner
  • Innlegg frå deltakarane
  • Open samtale
  • Avslutning v/ministeren

Deltakarane og ministeren vil vere tilgjengelege for pressa på slutten av møtet.

Meir om integreringspanelet