Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsministeren til Tromsø og Bodø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted: Bodø, Tromsø

Tysdag 23. januar kjem statsråd Jan Tore Sanner til Bodø og Tromsø. Han skal til Nordlandskonferansen 2018, og stå for opninga av Kompetanse Noregs regionkontor.

Program: 

11.00 - 11:30: Nordlandskonferansen 2018

Statsråden er invitert til å snakke om "Korleis ein må tilpasse og tilrettelegge utdanninga for å skaffe den kunnskapen ein treng for å sikre lokal verdiskaping".

Stad: Scandic Havet, Bodø 

14:00 - 15:00: Statsråden opnar Kompetanse Noregs regionkontor i Tromsø

Kompetanse Noreg har fått i oppdrag å opprette eit regionkontor for karriererådgiving i Tromsø. Regionkontoret blir eit nasjonalt kraftsenter for karriererådgiving der ein skal få ein sterkare og betre innsats på feltet, ikkje minst for å utvikle digital karriererådgiving.

Stad: Rådhusgt. 3, Tromsø 

Kontakt:

Det blir høve til å intervjue statsråden begge stader. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Birger Emanuelsen. E-post: birger.emanuelsen@kd.dep.no birger.emanuelsen@kd.dep.no, tlf. 97 61 45 26.