Historisk arkiv

Kunnskapsministeren kjem til Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Onsdag 8. juni kjem kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Bergen. Han vil mellom anna vitje Amalie Skram vidaregåande skole og vere med på fleire arrangement knytt til Holbergprisen 2016.

Program: 

0900-0945: Kunnskapsministeren kjem til Amalie Skram vidaregåande skole for å høyre om samarbeidet med Universitetet i Bergen og Bergen Marine forskningsklynge.

Adresse: Amalie Skram videregående skole, Lungegårdskaien

1000-1130: Utdeling av Holbergprisen i skolen 2016. Finalistane kjem frå Fredrik II vidaregåande skole, Randaberg vidaregåande og Stavanger Katedralskole.

Adresse: Bergen Katedralskole

1145-1330: Besøk på Senter for internasjonalisering i utdanningen.
Adresse: Vaskereleven, Bergen

1400-1530: Utdeling av Holbergprisen til Stephen Greenblatt og Nils Klim-prisen til Sanja Bogojevic. Gjester må vere der seinast kl. 1345.
Adresse: Universitetets aula

1900: Holbergprisbankett for å heidre prisvinnarane.  Gjestane kjem mellom kl. 1815 og 1845. Fotopool for pressa.
Adresse: Håkonshallen

Meir informasjon om Holbergprisen, Nils Klim-prisen og Holbergprisen i skolen finn du på http://holbergprisen.no/