Kunnskapsministeren og landbruks- og matministeren til Campus Ås

Tysdag 6. juni vitjar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) for å samle innspel til arbeidet med å revidere langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Tid: Tysdag 6. juni kl. 09.15-10.45.
Stad: NMBU, Festsalen i Urbygningen, 1430 Ås 

NMBU har samla forskarar frå eigen institusjon, men òg representantar frå Norsk institutt for bioøkonomi, Veterinærinstituttet og matforskingsinstituttet Nofima. Kva slags forskingspolitiske tiltak og utdanningstilbod vi treng for landbruks- og matproduksjonen i framtida, står høgt på agendaen. Dette er ein del av ein turné der regjeringsmedlemmar gjestar både offentlege og private forskingsmiljø over heile landet for å samle innspel. 

Kunnskapsministeren og landbruks- og matministeren vil òg møte studentar ved NMBU. 

Det blir høve til å intervjue statsrådane. 

Pressekontaktar:  
For kunnskapsminister Røe Isaksen: kommunikasjonsrådgjevar Stian Stang Christiansen, mobil 992 39 083, e-post stch@kd.dep.no.
For landbruks- og matminister Dale: kommunikasjonsrådgjevar Astraea Antal, mobil 934 319 30, e-post astraea.antal@lmd.dep.no.