Historisk arkiv

Kunnskapsministeren til Alta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stad:

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Alta fredag 11. september.

Program for dagen:

 

1145–1245 Besøke Newton-rommet med skoleelevar og barnehagebarn

Adresse: «Gulbygget», Nøkkelstien 19.

Regjeringa har nettopp lagt fram ein realfagssstrategi som skal sikre at barn er tett på matematikk, naturfag og teknologi heilt frå barnehage til vidaregående skole. Statsråden møter ei ungdomsskolegruppe og ei barnehagegruppe som er i gang med oppgåver i Newton-rommet, eit eige undervisningsrom der nettopp naturfag, matematikk og teknologi står i sentrum.

 

1330–1430 Gjesteførelesing og besøk ved Campus Alta
Adresse: Follumsvei 31, Auditorium 1042.

Statsråden held ei gjesteførelesing for studentane og inviterer dei med på ein diskusjon om kva for oppgåver høgre utdanning skal løyse i framtida. Frå nyttår blir også Høgskolen i Narvik og Høgskolen i Harstad ein del av UiT – Noregs arktiske universitet. Statsråden vil mellom anna høyre om korleis studentar og tilsette i Alta handterer avstanden til Tromsø.

 

1445–1530 Møte med lærarspesialistane i Alta kommune

Adresse: Alta rådhus, Sandfallveien 1.

Regjeringa har sett i gang eit prøveprosjekt med lærarspesialistar i skolen, for å gi lærarar faglege karrierevegar, samstundes som dei beheld undervising som si hovudoppgåve. Dei seks lærarspesialistane i Alta presenterer erfaringane sine så langt for statsråden.