Vis hele kalenderen

10.08.2017

  • Kunnskapsministeren til Kongsberg

    Torbjørn Røe Isaksen| Kunnskapsdepartementet

    Torsdag 10. august kjem kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Kongsberg. Her møter han studentar som har hatt sommarjobb i Kongsberg Gruppen ASA - og får sjå kva dei har gjort.

    Kunnskapsministeren er interessert i å høyre kva dei om lag 100 studentane som har jobba i Kongsberggruppen i sommar har oppnådd i prosjekta sine. Dei vil demonstrere ulike teknologiske prototypar og teknologiar. 

    Tid: Torsdag 10. august kl. 13.00 til 14.00.

    Stad: Kirkegårdsveien 45, Kongsberg.