Historisk arkiv

Kunnskapsministeren til Stjørdal og Levanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted:

Tysdag 20. juni vitjar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen Stjørdal fagskole og Frol barneskole i Levanger.

09.50  Stjørdal fagskole

Noreg kjem til å mangle tusenvis av dyktige fagarbeidarar i framtida. Difor har regjeringa lenge jobba for å gjere fagskoleutdanningane meir attraktive som eit fullverdig yrkesretta alternativ til universitets- og høgskoleutdanning. Statsråden vitjar Stjørdal fagskole for å lære meir om korleis skolen jobbar for å tilby eit studietilbod som reflekterer behova til arbeidslivet i Nord-Trøndelag.

Stad: Gymnasgata 3, Stjørdal 

11.30  Frol barneskole

Regjeringa fikk brei støtte for stortingsmeldinga "Lærelyst – Tidlig innsats og kvalitet i skolen" da den vart behandla i Stortinget denne veka. Mellom anna vil regjeringa at skolane skal ha ein plikt til å sette inn tidleg innsats med ein gong elevar blir hengande etter. Statsråden vitjar Frol skole for å sjå konkrete døme på korleis skolen arbeider med tidleg innsats.

Stad: Skolevegen 29-31, Levanger 

Det blir høve til å intervjue statsråden begge stader. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Stian Stang Christiansen, tlf. 99239083.