Historisk arkiv

Kunnskapsministeren til Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted:

Måndag 25. september kjem kunnskapsminister Henrik Asheim til Trondheim. Han skal mellom anna til Stabbursmoen skole og NTNU.

1000: Stabbursmoen skole
Statsråden kjem til Stabbursmoen skole for å lære meir om korleis dei arbeider med å hindre mobbing. Bygging av relasjonar er ein viktig del av arbeidet deira. Elevane på 1.-trinn har mellom anna med jamne mellomrom besøk av fadrane sine frå 6.-trinn. Måndag vil fadrane lære dei å logge på Google-konto.  

Elevana skal også ha minst ein vaksen som dei har eit nært forhold til. Dei brukar fargene grøn, gul og raud, og alle elevar skal ha minst ein "grøn" vaksen.
Stad: Sørbruvegen 4, 7099 Heimdal 

1130: Norsk Fagsråds Landskonferanse i Musikk-, dans og drama.
Kunnskapsminister Henrik Asheim held tale.

Stad: Scandic Nidelven hotell, Havnegata 1-4, Trondheim 

1350: NTNU

NTNU har ein ambisiøs plan for å få enda meir nøgde studentar. Statsråden vil mellom anna opne ein pilot for studentaktive læringsformer.

Stad: Gløshaugen, Høgskoleringen 1, Trondheim 

Det blir høve til å intervjue statsråden alle stader. Ta kontakt med kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse.  E-post: anhj@kd.dep.no Telefon: 99 21 46 10.