Historisk arkiv

Kunnskapsministeren til Rubbestadneset og Avaldsnes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted:

Kunnskapsministeren møter elevar og tilsette ved Rubbestadnes vidaregåande skule. Han kjem til Avaldsnes for å lære meir om utgravingane på Avaldsnes.

10.45: Rubbestadnes vidaregåande skule

Kunnskapsministeren møter elevar og tilsette ved Rubbestadnes vidaregåande skule. Ei undersøking som blei offentleg i fjor, viste at Rubbestadnes vidaregåande skule i Hordaland var best i landet, målt etter kor mykje skulen bidrar til læringa og fullføringa til elevane. Kunnskapsministeren ønskjer å lære meir om arbeidet til skulen.
Stad: Rubbestadneset, Bømlo

13.15: Kongsgarden på Avaldsnes

Kunnskapsministeren kjem til Avaldsnes for å lære meir om utgravingane på Avaldsnes, og forskinga som vil kaste ljos over den sentrale rolla kongsgarden hadde i forhistoria vår. Han vil også få høyre meir om korleis forskinga og formidlinga skal bli utvikla i framtida.
Stad: Den gamle middelalderkyrkja på Avaldsnes.

Det blir høve til å intervjue statsråden begge stader. Ta kontakt med kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse. E-post anhj@kd.dep.no eller telefon 99 21 46 10.