Historisk arkiv

Kvalitetssikringsrapport om logistikknutepunkt i Bergensregionen er klar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Dersom vi skal få meir gods over på bane, er det viktig med effektive godsterminalar med tilstrekkeleg kapasitet. Samstundes er det viktig at vi ikkje gjer større investeringar i terminalar enn det som er naudsynt. Vi har no fått ein ny rapport om logistikknutepunkt i Bergensregionen som går gjennom tilrådingane eg fekk frå Jernbaneverket i fjor. Eg vil no setje meg grundig inn i den nye rapporten, seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen.

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet har Dovre Group og Transportøkonomisk institutt (TØI) gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS1) av konseptvalutgreiinga (KVU) for logistikknutepunkt i Bergensregionen som Jernbaneverket overleverte til samferdselsministeren i desember 2015.

Bakgrunnen for konseptvalutgreiinga var at godsterminalen på Nygårdstangen i dag ikkje har kapasitet til å møte den venta auken i godstransport på jernbane. Det blei òg peikt på at dagens terminal er sentralt plassert i Bergen, i eit område som er godt eigna for byutvikling.

Jernbaneverket: Ny terminal i Rådal eller på Unneland på lengre sikt
I konseptvalutgreiinga tilrådde Jernbaneverket eit delt konsept. Etaten gikk inn for at den vidare planlegginga bør ta utgangspunkt i at godsterminalar for sjøtransport og jernbanetransport i Bergensregionen heller ikkje i framtida skal vere samlokaliserte.     

Jernbaneverket tilrådde å vidareutvikle dagens godshamn på Dokken. Etaten konkluderte vidare med at ei modernisering av jernbanegodsterminalen på Nygårdstangen vil gjere det mogleg å bruke terminalen i 10-20 år framover, men at denne løysinga ikkje er eigna på endå lengre sikt. Jernbaneverket gjekk difor inn for at ein då bør byggje ein ny jernbaneterminal på utsida av sentrum som erstatning for Nygårdstangen.

Lokaliseringsalternativa Rådal og Unneland blei vurderte til å vere like godt eigna. Jernbaneverket tilrådde ei rask avklaring av lokalisering, mellom anna fordi aktørar innan transportnæringa som i dag vurderer flytting då kan etablere seg i nærområdet til den framtidige terminalen.

Ekstern kvalitetssikrar tilrår modernisering av Nygårdstangen 
Dovre Group og TØI og har òg kome fram til at vidare planlegging bør ta utgangspunkt i at godsterminalar for sjøtransport og jernbanetransport ikkje skal vere samlokaliserte i framtida. Dei to kvalitetetssikrarane meiner òg at modernisering av godsterminalen på Nygårdstangen er eit riktig val, og at dette vil gi tilstrekkeleg kapasitet heilt fram til rundt 2040.

Moderniseringsalternativet er det einaste med positiv netto nytte. Kvalitetssikringsrapporten tilrår difor at modernisering av terminalen på Nygårdstangen blir vald som jernbaneløysing, eventuelt supplert med ei avgjerd om lokalisering av ein ny terminal. Rådal og Dyngeland er vurderte som dei to beste lokaliseringsalternativa av TØI og Dovre Group. 

Vidare prosess
Både konseptvalutgreiinga frå Jernbaneverket og kvalitetssikringa frå Dovre Group ogTØI og blir ein del av eit breitt grunnlag når regjeringa skal ta stilling til den framtidige handteringa av gods på bane i Bergensregionen.

For fleire opplysningar – sjå: