Historisk arkiv

Første nasjonale undersøking om korleis studentar taklar koronakrisa:

Kvar fjerde fagskolestudent opplevde at det var vanskeleg å halde fram utdanninga i vår

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Koronapandemien har ført til utfordringar for studentar på mange vis. Årets studiebarometer for fagskolestudentar viser at ein del opplevde unntakssituasjonen før sommaren som så vanskeleg at dei vurderte å avbryte studiane.

- Førebels finst det inga oversikt over kor mange som faktisk hoppa av studia, men undersøkinga gir grunn til uro. Difor er det ekstra viktig at fagskolane jobbar med å følgje opp studentane sine i haust, særleg dersom det kjem fleire lokale smitteutbrot som gjer at det blir naudsynt med meir digital undervisning, seier forskings - og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

I april gjennomførte NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) studiebarometeret for fagskolestudentar. Dette er ei nasjonal undersøking om fagskolestudentanes syn på kvaliteten ved utdanningane. Over 7 000 studentar svarte på undersøkinga, som i år omfatta ein eigen del om korleis koronapandemien påverka studiesituasjonen.

Blei vanskelegare å prioritere studiar

Då fagskolane stengde for fysisk undervisning den 12. mars fekk mange problem.  Særleg gjaldt det heiltidsstudentane, og dei som fekk undervisning på studiestadane. 

Det var heller ikkje lett for dei studentane som hadde barn, då barnehagar og skolar stengde.

- Då fagskolestudentane måtte ha heimebarnehage og heimeskole er det forståeleg at det var krevjande å finne tid til studiar. Difor er det så viktig at vi held fram med å følgje smittevernråda slik at samfunnet kan fungere rimeleg normalt framover, seier Asheim.

Dårlegare læringsutbytte for campusstudentane

I undersøkinga svarer studentane at fagskolane i all hovudsak handterte koronapandemien på ein god måte, men at campusstudentane meiner læringsutbytte ikkje var like godt i perioden.

Over 80 prosent  av campusstudentane seier at undervisninga blei vesentleg endra. Mange seier læringsutbyttet blei dårlegare då undervisninga blei flytta til nett.

Dette gjaldt mellom anna studentar som er avhengige av fysiske lokaler eller utstyr for å jobbe med studiet.

Fleire resultat frå Studiebarometer for fagskolestudentar finn du her