Historisk arkiv

Kvinnevaldsutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Eit samrøystes utval presenterte ein utviklingsplan over fem år for justisministeren, då det leverte si innstilling for å nedkjempe vald mot kvinner.

Pressemelding

Nr.: 91 - 2003
Dato: 04.12.2003

Kvinnevaldsutvalet si utgreiing

Rett til eit liv utan vald

Menn som utøver vald mot kvinner og born måstillasttil ansvar for sine handlingar. Rettane tildeisom er utsette for vald må styrkast, og dei må få fleire og betre tenester over heile landet. Dette er nokre hovedpunkt i Kvinnevaldsutvalet si utgreiing. Eit samrøystes utval presenterteeinutviklingsplan over fem år for justisminister Odd Einar Dørum, då det leverte si innstilling for å nedkjempe vald mot kvinner.

NOU 2003:31:
”Retten til et liv uten vold – Menns vold mot kvinner i nære relasjoner”

- Som justisminister vil eg halde fram med å prioritere arbeidet med å nedkjempe vald mot kvinner og born. Utgreiinga frå Kvinnevaldsutvalet er eit viktig tilskot i arbeidet, og vil no bli sendt på ei brei høyring, seier justisminister Dørum.

Dørum understrekar at vald i nære relasjonar i lang tid har vore gøymd under overflata.

- Etter at vi oppretta familievaldskoordinatorar i alle politidistrikta, har valden blitt meir synleg. Dette er eit samfunnsproblem vi ikkje kan tolerere, held Dørum fram.

Styrka rettsvern for kvinner og born som vert utsette for vald. Kvinnevaldsutvalet foreslår ei ny straffeføresegn som gjeld vald i nære relasjonar, utviding av fri rettshjelp og utvida rett til støtteadvokat. Vidare foreslår utvalet at dei statlege valdsoffererstatningane aukast, og at born som vert eksponerte for vald bør få rett til eigen støtteadvokat.

Førebygging. Vald må avdekkast for å kunne førebyggast. Utvalet understrekar at ein viktig føresetnad er å fange opp fleire menn med valdsproblem tidlegare. Det trengst også meir effektive verkemiddel for å få ein valdsutøvar til å ta ansvar for egne handlingar, både som samlivspartnar og far, og hjelpe han til å endre åtferda si. Utvalet foreslår eit landsdekkande, lågterskel hjelpe- og behandlingstilbod for dei som utøver vald.

Styrka hjelpetilbod. Kvinnevaldsutvalet foreslår mellom anna eit nytt spesialisert behandlingstilbod for valdsutsette kvinner og born i kvar helseregion. Dette skal vere eit tilbod som ikkje krev tilvising, og som kan supplere dei helsetenestene som finst i dag. Utvalet foreslår også at krisesentertilbodet vert lovfesta i ei eiga krisesenterlov. Det vert i tillegg foreslått ei rekkje tiltak innanfor tenestene til familievernkontora, barnevernet, sosialtenesta og andre offentlege og private instansar.

Gratis grønt nummer. Det hjelpetilbodet som finst i dag kan verke uoversiktleg, særleg for menneske i krise. Utvalet foreslår difor eit landsdekkande grønt nummer som kan brukast av både valdsutøvarar og voldsutsette. Dette er tenkt som ei gratis telefonteneste som kan formidle kontakt til hjelpe- og behandlingstilbod i brukaren sitt nærmiljø.

Ansvar. Utvalet foreslår at kommunen si plikt til å gi valdsutsette og valdsutøvarar eit godt og samordna tilbod vert presisert i lovverket og synleggjort i alle kommunale helse- og sosialplanar. Basis- og spesialistopplæring innanfor yrkesutdanningane vert foreslått som eit tiltak for å sikre auka kompetanse innan hjelpe- og behandlingsapparatet. Utvalet foreslår vidare eit nytt nasjonalt kompetansesenter for vald i nære relasjonar, og kunnskapsutvikling gjennom eit forskingsprogram over fem år.

Kvinnevaldsutvalet – mandat og samansetting

Kvinnevaldsutvalet vart oppnemnd ved kongeleg resolusjon 29. august 2001. Utvalet sitt mandat var å utgreie vald mot kvinner frå noverande eller tidlegare samlivspartnar. Det skulle mellom anna sjå på korleis stillinga til kvinner som er utsette for vald frå menn i nære relasjonar kan styrkast gjennom betring og innskjerping av lovverket, iverksetjing av betra førebyggjande tiltak og vurdering av korleis valdutsette kan bli møtte av offentlege instansar på ein betre måte. Som eit viktig ledd i det førebyggjande arbeidet vart utvalet bede om å sjå på situasjonen for born som veks opp i familiar med vald, samt tilbodet til menn som utøver vald.

Utvalet har hatt følgjande samansetting:

Rådgjevar Nita Kapoor, Oslo (leiar)

Professor dr. med. Berit Schei, Trondheim

Rådgjevar Rachel Eapen Paul, Bærum

Dagleg leiar Tove Smaadahl, Trøgstad

Familierådgjevar Øivind Aschjem, Langesund

Psykolog Solveig Karin Bø Vatnar, Molde

Avdelingsdirektør Wenche L. Kverneland, Oslo

Administrerende direktør Erik Kreyberg Normann, Oslo

Politimeister Truls Fyhn, Tromsø

Domprost Tor Berger Jørgensen, Bodø

Dagleg leiar Grete Kvalheim, Stavanger (fra 24.01.02)

Advokat Eva Frivold, Askim (fra 24.01.02)

Kontaktpersonar:

Nita Kapoor, utvalsleiar

tlf. 90208070

Elisiv Bakketeig, sekretær

tlf. 22245166

NOU 2003:31:
”Retten til et liv uten vold – Menns vold mot kvinner i nære relasjoner”