Historisk arkiv

Kvote for fangst av vågekval i 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeridepartementet

Fiskeridepartementet har fastsett ein kvote på 711 dyr for vågekvalfangsten i 2003. Kvoten er fastsett innanfor det intervallet som Vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen IWC meiner vil gi fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på. (04.10.02)

Pressemelding

Nr.: 62/2002
Dato: 04.10.2002
Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, tlf. 22 24 64 40, mobil 90 02 44 46
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, tlf. 22 24 64 91

Kvote for fangst av vågekval i 2003

Fiskeridepartementet har fastsett ein kvote på 711 dyr for vågekvalfangsten i 2003. Dette inkluderer overføring av ufanga dyr frå 2002.

Det er lagt til grunn same bestandstal og uttaksnivå som i fjor, men i medhald av reglementet kan ufanga kvote frå inneverande år overførast til 2003.

Kvoten er fastsett innanfor det intervallet som Vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen IWC meiner vil gi fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på.