Historisk arkiv

Kvoteavtale med EU for 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg og EU har inngått ein fiskeriavtale som  inneber einigheit om kvotenivå for fellesbestandar og utveksling av gjensidige fiskemoglegheiter i kvarandre sine farvatn for 2017.

- Eg er veldig glad for at vi har blitt einige med EU om ein fiskeriavtale for 2017. Avtalen er viktig for begge partar og det har vore konstruktive forhandlingar. Dette betyr at vi fortset det tette samarbeidet for å sikre ei god forvaltning av våre felles ressursar i Nordsjøen og Skagerrak, seier fiskeriminister Per Sandberg.

- EU er midt i implementeringa av ilandføringsplikta eller forbod mot utkast av fisk. Det blir innført gradvis og skal vere fullført i 2019. Noreg og EU er derfor mykje nærmare kvarandre når det gjeld heilt grunnleggjande tilnærming til fiskeriforvaltning og det er godt nytt for fiskebestandar og økosystem i Nordsjøen, seier Sandberg. 

Den årlege bilaterale avtalen mellom Noreg og EU er omfattande og gir gjensidige fiskealternativ på ei rekkje fiskebestandar.

Sentralt i dette er forvaltningsplanar for fellesbestandane sild, sei, hyse, raudspette, kviting  og torsk i Nordsjøen. -Forvaltningsplanane skal sikre ei berekraftig og ansvarleg forvaltning, basert på råd frå det internasjonale råd for havforsking. Desse har på grunn av interne avgjerdsprosessar i EU vore utfordrande å revidere. Vi er einige om å konsultere neste år for å bli einige om nye planar, og det er eit arbeid vi legg stor vekt på, seier Sandberg.

Ein annan viktig del av avtalen er utveksling av fiskemoglegheiter i kvarandre sine farvatn farvatn gjennom kvotebytte. Dette har vore utfordrande dei siste åra på grunn av høg torskekvote i Barentshavet, og EU må kompensere for torsken dei får med kvotar til norske fiskarar i EU sitt farvatn.

Samarbeidet mellom Noreg og EU om kontroll er viktig og blir vidareført i 2017.   

Situasjonen for torsk i Nordsjøen er betre enn på mange år og kvoten er sett til 39.220 tonn. Kvoten til Noreg blir 6 667  tonn. Bestanden av nordsjøsild er i god forfatning og kvoten er sett til 481 608 tonn, den norske kvoten er på 139 666 tonn.

For sei, som også er i god forfatning, er kvoten for 2017 sett til 100 287  tonn. Den norske kvoten er 52 149  tonn.

- Avtalen for 2017 er viktig og gir stor verdiskaping for industrien både i EU og Noreg. Dette saman med andre avtalar som no er på plass gir føreseielegheit for næringa og vil danne grunnlag for eit godt 2017, seier Sandberg.