Historisk arkiv

Lågare internasjonale prisar på korn og kjøt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dei internasjonale prisane på kveite fortsette å gå ned i august, som følgje av stor produksjon. Verdsmarknadsprisane på kjøt av sau/lam, fjørfe og svin låg stabile, medan dei internasjonale prisane på storfekjøt gjekk litt ned.

Dei internasjonale prisane på korn som Landbruksdirektoratet følgjer gjekk ned i august, medan prisane smør og egg gjekk opp. Lågare prisar på korn, sukker og kjøt bidrog til at FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) sin prisindeks for landbruksvarer gjekk ned med 1,3 prosent frå juli til august.

Stor kveiteproduksjon gir lågare prisar

Det meste av kveiteproduksjonen på verdsmarknaden er no hausta, og internasjonale kveitepriser gjekk ned i august som følgje av at produksjonen ser ut til å bli større enn venta. Produksjonen er spesielt stor i Svartehavsregionen, som eksporterte mykje kveite i august.

Varierande prisutvikling på kjøt

FAO sin prisindeks for kjøt gjekk ned med 1,2 prosent frå juli til august. Verdsmarknadsprisane på kjøt av sau/lam, fjørfe og svin låg stabile, medan auka tilførslar av storfekjøt frå Australia bidrog til at dei internasjonale prisane på storfekjøt gjekk litt ned.

Kveiteåker.
Det meste av kveiteproduksjonen på verdsmarknaden er no hausta. Foto: Landbruksdirektoratet