Historisk arkiv

Lågare prognosar for verdas kveitelager

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Amerikanske kveiteprisar auka etter oppdaterte prognosar frå det amerikanske landbruksdepartementet. Produksjonen av både mais og soyabønner er venta å bli stor i 2013–2014.

Amerikanske kveiteprisar auka etter oppdaterte prognosar frå det amerikanske landbruksdepartementet. Produksjonen av både mais og soyabønner er venta å bli stor i 2013–2014.

Det er framleis venta større produksjon av kveite i 2013–2014 enn året før, og prisane ligg difor på eit lågare nivå enn i fjor. Frå januar til byrjinga av februar har det derimot vore ein auke i både dei amerikanske og dei europeiske prisane. Auken i dei amerikanske prisane skuldast at det amerikanske landbruksdepartementet (USDA) i byrjinga av februar publiserte oppdaterte prognosar for amerikansk avling.

Ifølgje prognosane vil slutlagra i USA bli mindre enn fyrst venta. Dette skuldast auka forbruk av matkveite og større etterspurnad etter amerikansk kveite på verdsmarknaden. I Europa skuldast prisauken etterspurnad etter europeisk korn frå utviklingsland. Samstundes bidrog ein sterk euro til å dempe etterspurnaden noko.

Trøsking på Hedmarken.
Det er framleis venta større produksjon av kveite i 2013–2014 enn året før, og prisane ligg difor på eit lågare nivå enn i fjor. (Foto: Karoline Finstad Vold)