Historisk arkiv

Landbruk i spørjetimen på Stortinget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (FrP) svarte på spørsmål frå dei tre representantantane Knut Storberget (A), Per Olaf Lundteigen (Sp) og Kjell-Idar Juvik (A) i spørjetimen på Stortinget i dag.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (FrP) svarte på spørsmål frå dei tre representantantane Knut Storberget (A), Per Olaf Lundteigen (Sp) og Kjell-Idar Juvik (A) i spørjetimen på Stortinget i dag.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug under spørjetimen på Stortinget i dag.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug under spørjetimen på Stortinget i dag. (Foto: Nett-TV Stortinget)

Referat frå spørjetimen
Referata publiserast i ein midlertidig versjon på ettermiddagen, same dag som spørjetimen vert halde. Referata finn du i lista over referat frå Stortinget.

Om spørjetimen
Det blir vanlegvis halde spørjetime i Stortinget kvar onsdag. Den første timen er en munnleg spørjetime. I den munnlege spørjetimen tek representantane opp dagsaktuelle saker, gjerne henta frå media. Statsråden veit ikkje kva spørsmål som vil bli stilt, og er difor uforberedt. Statsråden har heller ikkje betenkningstid, men må svare spontant. Statsministeren sitt kontor informerer Stortinget innan måndag kl. 11.00 om kven som kjem. Den munnlege spørjetimen blir normalt halde kvar onsdag kl. 10.00 og tek om lag ein time.

Etter munnleg spørjetime blir det vanlegvis halde ordinær spørjetime. Kva statsråd som møter, avhenger av kva spørsmål som blir stilt. Det er statsråden med fagansvar for saken, som skal svara på spørsmålet. Også i den ordinære spørjetimen stiller representantane dagsaktuelle spørsmål, gjerne knytt til det fylket dei er vald frå. Den ordinære spørjetimen skil seg frå den munnlege ved at statsråden får tilsendt spørsmåla på førehand. Statsråden har difor anledning til å forberede svaret.