Historisk arkiv

Landbruket og reindrifta har stor verdi for reiselivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I dag har regjeringa lagt fram ei melding til Stortinget om norsk reiselivsnæring. Meldinga peikar på at landbruket og reindrifta har stor verdi for reiselivet, og kan med sine ressursar levere eit variert innhald til det opplevingsbaserte reiselivet.

– Vi skal vere stolte av reiselivstilboda vi bidreg med. Landbruks- og matdepartementet sin eigen strategi "Opplevingar for ein kvar smak", legg opp til ein målretta politikk på området og inneheld ambisiøse mål. Noreg skal bli ein internasjonalt anerkjend matnasjon, og vi skal tilby turistane det dei vil ha på ein profesjonell og konkurransedyktig måte, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Noreg har eit stort potensial for opplevingstilbod innanfor mat, kultur, jakt, fiske, reindrift og kulturarv og kan tilby genuine opplevingar i heile landet. Samarbeid mellom aktørar og samordning på tvers av bransjar er viktig for å kunne tilby heilskaplege reiselivsprodukt. NIBIO-rapporten "Landbruksbasert reiseliv i Norge" syner at mange som driv med landbruksbasert reiseliv og gardsmat, har gjort store investeringar i verksemda, og ein firedel har investert meir enn 5 millionar kroner. - Det må bli satsa på fleire marknadsretta tilbod, produktpakking og utnytting av særskilde nisjar.

– Med sterk auke i tal på turistar og stort vekstpotensial, ligg det til rette for å skape nye arbeidsplassar og auke verdiskapinga i heile Noreg, seier Jon Georg Dale.  

Laksefiske i Stjørdalselva.
Laksefiske i norske elvar er ei betydeleg næring. Det er om lag 100 000 laksefiskarar i Noreg og 400 godt forvalta lakseelvar over heile landet. Norges Skogeierforbund har i rapporten frå 2010 estimert at omsetninga som består av sal av fiskekort og tilleggstenestar i dag ligg på anslagsvis på 1,2-1,3 milliardar kroner. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på laksefiske i Stjørdalselva hausten 2016. Foto: Landbruks- og matdepartementet

pplevingar for ein kvar smak

  • Strategien "Opplevingar for ein kvar smak" er ei oppfølging av melding til stortinget om vekst og gründerskap innan andre landbruksbaserte næringar (Meld. St. 31 (2014-2015)), der det blei signalisert eit behov for ein meir strategisk og målretta innsats på området. 
  • Reiselivsnæringa er ei raskt veksande næring nasjonalt og globalt og det er særskilt auke i etterspurnaden innanfor det opplevingsbaserte reiselivet. 
  • Både landbruket og reiselivet er i stor grad stadbundne og distriktsbaserte næringar. Eit målretta arbeid kan bidra til auka verdiskaping i næringa og i distrikta. 
  • Landbruket og reindrifta har betydelege ressursar i reiselivssamanheng og kan i endå større grad enn i dag vere innhaldsleverandørar for reiselivet. 
  • Turistane er meir enn nokon gong opptatt av genuine opplevingar der kultur, matkultur og lokalhistorie er blitt meir og meir viktig.
Lunsj i lavvo.
Mat og reiseliv er nært knytt saman, og det gjeld ikkje minst for reindrifta. Reinkjøtet er «smaken av naturen», og har òg andre openbare kvalitetar i form av eit produkt med høgt innhald av gode næringsstoff. Foto: CH - visitnorway.com