Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Dokument 8: 32 S (2016–2017) om eit løft for dyrevelferda i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matministeren sitt innlegg på representantforslag frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) om eit løft for dyrevelferda i Noreg (Innst. 199 S (2016-2017), jf. Dokument 8:32 S (2016-2017).

Dyrevelferda i norsk husdyrproduksjon og i dei fleste private heimar er gjennomgåande god. I Norge har vi mykje å vere stolte av når det gjeld korleis norske bønder har valt å handtere heile sitt dyrehald – ikkje berre i spørsmål om korleis dyrehaldet reint faktisk er utvikla i den enkelte produksjonseininga, men også gjennom at norske bønder over tid har satsa, selektert og avla på dyr som i større grad er tilpassa dei produksjonsmetodane vi har, og som i større grad er avla på sine eigenskapar, som bidreg til at norsk jordbruk i dag har høgare dyrevelferd enn i veldig mange andre land rundt oss. Difor er eg glad for at Stortinget i denne innstillinga i stor grad sluttar seg til dei vurderingane som eg har gjeve uttrykk for i brev til komiteen. Eg er også glad for at den skildringa som Miljøpartiet Dei Grøne gjev av norsk dyrevelferd, openbert ikkje har tilslutning i Stortinget. For det er ikkje rimeleg å framstille norsk jordbruk og norske husdyrprodusentar – eller for så vidt folk som har husdyr i privat hald – på eit vis som indikerer ei systematisk undergraving av dyrevelferdslova. Det er ikkje grunnlag for å hevde det.

Gjennomgåande har vi ei god dyrevelferdslov, det er eg einig med dei representantane som har hatt ordet før meg, i. Samtidig er det slik at vi har regelmessige oppdateringar av forskriftene, vi har løpande vurderingar av om det er behov for nye oppdateringar, og vi har eit Mattilsyn som følgjer opp med tilsyn og sanksjonar i dei tilfella dei ser det som nødvendig. Så har vi uhell. Vi har enkelttilfelle der folk openbert behandlar dyra sine på ein heilt uakseptabel måte. Då har vi eit velfungerande system som skal gripe inn, som skal gje reaksjonar, og som i ytste konsekvens tek frå folk moglegheita til å ha husdyr.

Det gjer at eg er fornøgd med denne innstillinga. Regjeringa kjem til å fortsetje å følgje opp dyrevelferdslova, vi kjem til å fortsetje å oppdatere både forskrifter og anna regelverk dersom vi meiner det er hensiktsmessig. Det kan representantane frå SV og Miljøpartiet Dei Grøne føle seg heilt trygge på. Slik vi har vist at vi har gjort dei åra vi har bak oss, skal vi fortsetje å utvikle det regelverket. Men det er urimeleg å framstille norsk matproduksjon på eit vis som indikerer at vi har gjennomgåande brot på god dyrevelferd i Noreg. Få andre land kan måle seg med det nivået vi klarer å ha i den ordinære matproduksjonen.