Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Dokument 8:23 S (2015-2016) Representantforslag om å sikre god dyrevelferd i norsk kyllingproduksjon

President, 

Eg er som representanten Bastholm opptatt av at dyrevelferda i slaktekyllingproduksjonen skal vere god. Dyrevelferda blir ivareteken og arbeidd med uavhengig av kyllingvariantar. Utviklinga når det gjeld drifts- og dyrevelferdsfaktorar i kyllingproduksjonen, har vore stor dei siste åra.

Avlsmåla til dagens slaktekylling er breitt samansett for å sikre at veksttempoet blir  balansert opp mot eigenskapar knytt til helse og velferd. Registreringar i fjørfebesetningar og på slakteria viser i følgje Nortura ingen vesentlege forskjellar i dyrehelse og dyrevelferd mellom Ross 308 og den meir saktevoksande varianten ved ordinære slaktevekter. Ei lovpålagt utfasing av Ross 308 til fordel for saktevoksande variantar og/eller innføring av krav om lavare tettleik av dyr, inneber at lønsemda i norsk slaktekyllingproduksjon blir svekka og det baner veg for auka import av produkt med lågare dyrevelferds- og mattryggleikstandard enn dagens norske slaktekyllingproduksjon.

Dyrehelsa blant norske kyllingar er blant den beste i verda, noko som mellom anna viser seg gjennom låg bruk av medisinar. Høg standard i norsk slaktekyllingproduksjon har også gjort det mogeleg å starte arbeidet med å fasa ut rutinemessig fôrtilsetjing av parasittforebyggande middel samstundes som ein opprettheld god dyrehelse og dyrevelferd. For å få gode resultat med kyllingproduksjon er ein avhengig av at dyra får tatt ut sitt vekstpotensiale utan at dette går ut over funksjonsevna. Dette er avgjerande både for økonomien til kyllingbonden og for produktkvaliteten.

President, 

Helseutfordringar knytt til høg veksthastigheit, for eksempel bein- og sirkulasjonslidingar, har samansett årsak der både genetikk og miljøfaktorar kan verke inn. Systematiske registreringar i fjørfebesetningane og på slakteria viser i følgje Nortura at omfanget av slike problem er lavt i dagens kyllingproduksjon. Til grunn for dette ligg eit avlsarbeid som balanserar veksthastigheit mot dyras funksjonsevne. Oppfølginga kyllingbonden gjer når det gjeld drift og miljø, spelar også inn. Det er dette vi målast mot, president.

Registreringar i Nortura sin slaktekyllingkontroll viser samanfallande tall for dødelegheit for Ross 308 og den meir saktevoksande varianten Rowan 308. Tala over dødelegheit er lave i internasjonal samanheng.

I 2013 blei det etablert eit dyrevelferdsprogram for slaktekylling forankra i dyrevelferdsreglane. Programmet er utarbeidd og blir drifta av næringa, men Mattilsynet vurderer innhald og etterlevinga av programmet. Som mål på kor godt kyllingbonden får til å skape eit godt miljø for dyra, overvaker slakteria kyllingen sine føter for teikn på avvik. Resultata får direkte konsekvensar for dyretettheita  ved neste innsett av kyllingar. Berre dei som får resultat i beste kategori, får høve til å produsere med høgast tettleik. Som del av dyrevelferdsprogrammet, arbeider fjørfebransjen med å utvikla fleire indikatorar som kan gi betre overvaking av dyrevelferda i norsk slaktekyllingproduksjon. Bransjen satsar òg på å gjere miljøet i kyllinghusa rikare for å auke trivsel og aktivitet.

Sjølv om ein produsent er med i programmet, kan Mattilsynet ved tilsyn i fjørfehald fatta vedtak mot produsenten, uavhengig av om brot på reglane samtidig blir handtert innafor dyrevelferdsprogrammet.

President,

Alt dette viser at vi er på riktig veg når det gjeld å sikre god dyrevelferd i slaktekyllingproduksjonen. Eg er glad for at fleirtalet i komiteen har merka seg dei tiltaka som blei gjort i 2013 og 2014 for å betre velferda for slaktekylling. Eg er også nøgd med at fleirtalet ikkje ser det som aktuelt å forby bruk av Ross 308 i norsk kyllingproduksjon. 

Dokument nr. 8

Stortingsrepresentantane kan på eige initiativ ta opp saker i Stortinget – representantforslag. 

Representantar frå ulike parti kan gå samman om eit representantforslag, men ein enkelt representant kan og fremje ei sak sjølv.

Representantforslaga trykkes som ein del av dokumentseria, dirfor kallast dei «Dokument nr. 8» eller «Dokument 8-forslag». I løpet av ein sesjon blir det behandla godt over hundre representantforslag.