Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Dokument 8:6 S (2015-2016) nasjonal strategi for bier og pollinering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Rigmor Andersen Eide, Line Henriette Hjemdal og Olaug V. Bollestad

President,

Eg deler komiteen si vurdering av at reduksjonen i bestandar av villbier og andre pollinerande insekt er ei utfordring som ein må ta på alvor. Dersom denne utviklinga held fram, vil det kunne få ei rekkje negative konsekvensar for både landbruk og natur.

Eg har valt å møte desse utfordringane med å innlemme arbeidet for bevaring av villbier og pollinerande insekt i den ordinære landbrukspolitikken. For meg har det vore viktig å leggje til rette for tiltak som på sikt vil gje positiv effekt.

Eit ope landskap rikt på artar er viktig i arbeidet med bevaring av villbier og andre pollinerande insekt. Alminneleg jordbruksdrift bidreg til å halde ope kulturlandskapet ved beiting, dyrking og slått. For å bevare eit ope og levande jordbrukslandskap er det viktig framleis å stimulere til jordbruksdrift i heile landet. Ei rekkje verkemiddel i jordbrukspolitikken medverkar til det på ulike måtar.

For landbruket i Noreg er også birøktnæringa viktig. Ved sida av honningproduksjon har denne næringa stor betydning for pollinering av frukt, bær og oljevekstar, i tillegg til pollinering av ville plantar i norsk natur. Det har vore utrekna at verdien av sjølve pollineringsarbeidet til dei tamme biene ligg på om lag 150 mill. kr i året – det er betydeleg.

Komiteen peiker i si innstilling på kor viktig det er å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel. Regjeringa har utarbeidd ein handlingsplan som har som mål å redusere risiko knytt til plantevernmiddel, både for forbrukarane og miljøet. Det vert arbeidd systematisk for å nå måla i handlingsplanen. Dette er eit viktig arbeid også for mangfaldet av artar og bevaring av dei pollinerande artane. Då kan ein f.eks. sjå til det som ein gjorde i juni i fjor, då ein endra lovverket slik at også bøndene no i større grad må gjere ei vurdering av om dei kan bruke plantevernmiddel, eller om dei kan løyse utfordringa på andre måtar.

I arbeidet med bevaring av villbier og andre pollinerande insekt er det heilt nødvendig med eit samarbeid mellom fleire sektorar. Ikkje minst gjeld det samarbeid mellom miljø- og landbruksstyresmaktane, både sentralt og lokalt. Ei heilskapleg tilnærming er heilt avgjerande.

Dette er ein av grunnane til at regjeringa har bestemt at det skal lagast ein nasjonal strategi for bevaring av naturens mangfald, på tvers av sektorane. Denne strategien vil innehalde overordna, målbare mål for ulike sektorar og område. Bevaring av villbier og andre pollinerande insekt vil inngå som ein del av denne strategien.

Vi veit at enkelte naturtypar, eit ope landskap og bevaring av kulturlandskapet er viktig i arbeidet for bevaring av villbiene. Det er eit godt samarbeid mellom miljø- og landbruksstyresmaktene på det.

Bevaring av villbier og andre pollinerande insekt er òg avhengig av samarbeid med andre sektorar. Samferdselssektoren har vore nemnt som ein av fleire viktige her.

Men usemja handlar ikkje om dette. Det handlar om i kva grad ein skal lage ein eigen handlingsplan. Mi vurdering overfor komiteen har vore at viktigare enn all verdas handlingsplanar som eg kan utarbeide, er effektive grep for å møte utfordringane. Eg hadde sett pris på å få bruke ressursane på det framfor stadig nye handlingsplanar. Derfor er eg glad for at regjeringspartia i utgangspunktet viste det primærstandpunktet ein har i dag, men eg vil naturlegvis følgje opp Stortingets vedtak dersom det er slik at komitéinnstillinga får fleirtal i dag, som det også er all grunn til å tru.