Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.) (Innst. 445 S (2016–2017), jf. Prop. 141 S (2016–2017))

Eg skulle gjerne stått her i dag basert på at vi hadde landa jordbruksavtala med Bonde- og småbrukarlaget for det komande året. Eg meiner det påligg staten eit ansvar å prøve å få til slike avtalar, og eg meiner at staten strekte seg langt i tilbodet, men òg gjennom forhandlingane på både ramme og innretning for å få det til. Dessverre lukkast ein ikkje med det.

Likevel meiner eg at den situasjonen vi no har i Stortinget, trass i nokre innlegg her, er oversiktleg. Han er handterbar for staten når ein får den bestillinga som fleirtalet i denne salen ser ut til å slutte seg til i dag. Det gjev eit grunnlag for å handtere dette ferdig. Sidan hovuddiskusjonen ikkje har gått kring statens tilbod, men rundt kva som no skjer, skal òg eg bruke mesteparten av mitt innlegg på det.

Det er fleire problemstillingar som har vore løfta, men lat meg først som sist slå fast: Eg har teke signala frå Venstre. Eg veit kvar det politiske landskapet ligg. Og jordbruket kan rekne med at dei får eit tilbod i tråd med Venstres merknad. Men det er med jordbruket eg forhandlar, ikkje med stortingssalen. Det betyr at detaljavklaringar på «viss om at, dersom at», det avklarar avtalepartane når ein no sender det tilbake. Derfor ber eg om at Stortinget òg har respekt for at forhandlingsinstituttet medfører at forhandlingspartane forhandlar i ein forhandlingssituasjon, og at det ikkje er gjenstand for debatt i Stortinget. Med den løysinga stortingsfleirtalet no vel, må mine svar gå til forhandlingspartane. Men innretninga og rammene som Venstre legg føringar for i dag, har eg teke signala på. Jordbruket kan rekne med at staten opptrer med reell forhandlingsvilje basert på Stortingets føringar.

Eg opplever at stortingsfleirtalet i dag seier klart at bakgrunnen for at ein vel å handtere jordbruksoppgjeret for neste år på den måten ein no gjer, er fordi ein ønskjer og meiner at den måten å gjere det på, er det som i størst grad varetek forhandlingsinstituttet. Då påligg det meg å gjere det på eit slikt vis at òg partane opplever at vi er i reelle samtalar. Det kan Stortinget leggje til grunn at eg kjem til å gjere.

Vi har framleis mykje ugjort. Noko av det som gler meg i dag, er at Venstre òg er tydeleg på nokre andre område, f.eks. kanaliseringspolitikken – det som lenge har vore ei heidersnemning i eit samla storting, det viktigaste grunnlaget for å auke total matproduksjon og dermed nå det produksjonsmålet som Stortinget har sett fast ved behandlinga av jordbruksmeldinga. Men ein kan ikkje tru at ein oppnår best mogleg kanaliseringspolitikk med å late vere å tore å prioritere. Derfor har eg vore tydeleg på det i mitt første tilbod til jordbruket, og derfor er eg glad for at òg Venstre no klart seier at kanaliseringspolitikken er viktig, at fordeling, styrkt kornøkonomi i kornområda og styrkt incentiv til grasproduksjon i distrikta er noko Venstre sluttar seg til. Det er veldig bra.

Denne diskusjonen treng òg at vi baserer han på kva som er landbrukspolitisk oppnåeleg. No har vi i eit par timar diskutert inntektsmålet for jordbruket, men bønder er ikkje lønsmottakarar. Dei er sjølvstendig næringsdrivande. Stortinget har gjennom denne debatten bore preg av at ein no lovar bøndene eit visst inntektsnivå. Det er det ingen som gjer. Det er heller ingen som kan gjere det. Det dei kan love norske bønder, er eit subsidienivå som er sett fast i Stortinget. Men korleis det slår ut på inntekta til sjuande og sist, kan Stortinget aldri garantere for, for bøndene hentar heldigvis mesteparten av inntekta si i marknaden. Den innretninga opposisjonen no peikar på, er at dei vil bruke mest pengar i dei produksjonane der vi allereie har marknadsbalanse eller overproduksjon. Konsekvensen av det kan vere at subsidienivået går opp, men at inntektene går ned fordi situasjonen i marknaden vert forverra.

Derfor var det på tide at Arbeidarpartiets Knut Storberget gjorde det han gjorde i replikkordskiftet med Morten Ørsal Johansen, nemleg å avklare korleis ein skal forstå inntektsmålet. Det var nytt frå Arbeidarpartiet. Eg har prøvd å få svar på det dei siste dagane, men det avklarte Storberget godt i dag. For neste år meiner Arbeidarpartiet at det krevst ei ramme på 790 mill. kr. I framtida må ein ta omsyn til marknadsbalansen. Det er avklarande for korleis vi faktisk skal forstå inntektsmålet. Men bøndene er ansvarlege for marknadssituasjonen, og det er grunnen for at Stortinget sluttar seg til å la dei behalde mange av marknadsordningane. Bøndene har òg ansvar for å hente ut pris i marknaden, og derfor har staten aldri før henta ut meir i målpris enn jordbruket har kravd, fordi det er jordbruket sjølv som faktisk må bere kostnaden om dei ikkje når målet. Då gjev ikkje det den inntektsveksten som enkelte av dei som har hatt ordet før meg framstiller det som, om ein ikkje lukkast.

Det er det som er det største skiljet i dag. Arbeidarpartiet meiner noko anna no enn dei alltid har meint når dei styrer, og dei meiner noko anna enn dei trur. Det er berre ein påstand. Dei meiner noko anna no enn dei vil meine om dei kjem i ein styrande posisjon igjen, fordi Arbeidarpartiet har brukt å vere ansvarleg i landbrukspolitikken. Dei har skjøna at det er ein balanse mellom prisuttak og inntekter over statsbudsjettet. Det viktigaste vi har oppnådd i desse fire åra, er faktisk å få bøndene til å hente ut meir i marknaden og mindre i overføringar. Det har samtidig medført at inntektene har gått opp. Det er den politikken det er viktig at vi vidarefører. Det er bra at Arbeidarpartiet no har avklart inntektsmålet.

Eg registrerer at eg openbert må ha misforstått stortinget på ein ting då eg såg merknadane til jordbruksmeldinga. Det gjeld forståinga av at ein ønskte auka produksjon på norske ressursar. Basert på dei debattane vi har hatt, innbilte eg meg at det betydde auka kraftfôrpris for å styrkje konkurransekrafta frå norsk grasproduksjon. Per Olaf Lundteigen, som sit som representant i denne salen i dag, har sagt det på inn- og utpust i 30 år, at det er forståinga.

Eg la det til grunn. Det er mogleg, når ein les stortingsfleirtalet i dag, at eg ikkje burde ha gjort det. Eg trudde stortingsfleirtalet meinte at det var den måten ein kunne auke verdien av norsk gras på. Eg har åtvara mot for sterke steg på det fordi det slår uheldig ut på kraftfôrkrevjande produksjonar, men Stortinget har vore veldig tydeleg på at det er nødvendig. I dag må Per Olaf Lundteigen, med mindre han avklarar noko anna, stemme for å redusere kraftfôrprisen ut over statens opprinnelege tilbod.

Ei mindretalsregjering styrer alltid basert på det fleirtalet ein har i Stortinget, men i enkelte spørsmål har stortingsfleirtalet vist seg å vere skiftande i løpet av kort tid. Det skjedde med inntektsmålet, men det er ikkje Venstre, Høgre og Framstegspartiet som har snudd. Høgre og Framstegspartiet har jo vore med på å fastsetje inntektsmålet i merknaden til jordbruksmeldinga nettopp fordi forståinga var kjent. For fleirtalet i Stortinget var forståinga kjent, og så framstiller ein det som om det er fleirtalet som har snudd. Det er ikkje fleirtalet som har snudd. Det er fleirtalet som har stått fast, og det er andre som har navigert. Det er ikkje noko gale i det om ein er ærleg på at det er det ein gjer. Eg opplever at Arbeidarpartiet var det i replikkordskiftet etter Morten Ørsal Johansen. Det er derfor mogleg igjen for meg å sjå at sjølv om ein er einig om budsjettoverføringane i 2018, er ein framleis ikkje einig frå opposisjonen si side om kva inntektsmålet faktisk skal innebere.