Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Meld. St. 31 (2014-2015) Garden som ressurs - marknaden som mål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Eg er glad for at det i all hovudsak er tilslutning til stortingsmeldinga frå regjeringa på dette området. Sjølv om retorikken i nokre av innlegga i dag får det til å høyrest ut som det er betydeleg avstand, er det reint faktisk ikkje det. Det handlar om at meldinga tek for seg det alle seier dei er opptekne av, nemleg det mangfaldet som alltid har vore i norsk landbruk.

Norsk landbruk har lange tradisjonar for å tilby eit stort mangfald av både tenester og produksjon som går utover det tradisjonelle jordbruket. Sjølv om dette starta i basisjordbruket, handlar mange av desse ideane om å realisere det potensialet som ligg i og rundt eigen gard. Det som starta som ei tilleggsnæring, endar for den enkelte som hovudgeskjeften på eins eige bruk. Det er bra når ein lykkast med det, fordi det gjev grunnlag for alminneleg landbruksproduksjon, det gjev grunnlag for mangfald, og det gjev grunnlag for busetnad over heile landet.

Difor veit vi ikkje i dag kvar veksten og sysselsetjinga i desse næringane vil kome i åra framover. Iallfall veit ikkje eg det, for vi er avgrensa til dei ideane som folk tør å realisere der ute. Den kreativiteten og det pågangsmotet eg møter blant mange av desse aktørane, er betydeleg. Målsettinga med denne stortingsmeldinga er at bonden skal kunne drive ei næring med basis i ressursane på garden, og at vi skal få desse nyetableringane til å vekse.

Då er det ikkje storleiken det kjem an på. Difor er eg glad for at heile Stortinget merkar seg at vi seier at ein liten landbrukseigedom kan vere utgangspunktet for ein like god forretningsidé som ein stor. Det er kreativiteten til den enkelte, menneskelege ressursar, skaparlyst og evne som er avgjerande for i kva grad vi lykkast.

I meldinga varslar regjeringa at ho vil sjå på ei rekke forenklingar generelt og også ein del regelverksforenklingar. Etablering av lokalmatdatabasen, reviderte rettleiarar i plan- og bygningslova, endra forskrifter for juletreproduksjon, skilting langs vegen til mange av desse viktige aktørane og andre endringar er eksempel på konkrete oppfølgingspunkt, men det er ikkje avgrensa til det.

Eg er veldig glad for at Stortinget deler ambisjonen til regjeringa om å auke lokalmatproduksjonen til 10 mrd. kr innan 2025. Det er realistisk, og det er fullt mogleg å oppnå. Grunnen til at eg trur at det er mogleg å oppnå, er at når eg reiser landet rundt, møter eg stadig fleire av desse aktørane som går eigne vegar, som driv produksjon vi ikkje trudde var mogleg, som finn ein nisje, som finn betalingsvillige forbrukarar. Frå 2014 til 2015 har omsetnaden av lokalmat i daglegvarehandelen auka med 10 pst. Det seier også noko om moglegheitene som ligg i tida framover. Når det vert etterlyst konkrete verkemiddel frå regjeringa i denne meldinga, meiner eg vi kan vise til det vi har gjort f.eks. gjennom den jordbruksavtala vi har inngått. Ein bidreg med nærare 100 mill. kr til utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping. Det handlar om å treffe desse næringane – målretta satsing for å klare det.

Til sist meiner eg at den diskusjonen som handlar om lønsemd i jordbruket og kor denne aktiviteten startar og sluttar, er relevant. Men desse bedriftene tener pengar. Dei som lykkast med dette, tener pengar. Dei treff marknaden. Det er overskrifta på stortingsmeldinga, og det meiner eg Stortinget faktisk også bør løfte fram: garden som ressurs – marknaden som mål. Det at marknaden er målet, gjer at desse produsentane som utviklar – anten det er – lokal mat og drikke, bioenergi eller andre tiltak, er marknadsretta i heile tenkinga si, og dei klarar å lykkast med det, og det gjer at dei tener pengar.

Då må vi iallfall ikkje gjere det til hovuddiskusjonen i iveren vår etter faktisk å få fleire til å satse på dette – gjere det til ein diskusjon om for dårleg lønsemd. Det er ikkje tilfellet for mange av desse produsentane. Tvert imot tener dei pengar fordi dei har gode idear, gode gjennomføringsevner, høg handlekraft, og dei treff marknaden, dei treff forbrukarane i den etterspurnaden dei har dagleg, og det gjer at dei får utvikla gardsressursen sin til beste for seg sjølv, men også til det beste for landet.