Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av næringskomiteen si innstilling om gjeninnføring av forbudet mot 19 reptilarter i Norge

Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Steinar Reiten, Tore Storehaug og Olaug V. Bollestad om gjeninnføring av forbudet mot 19 reptilarter i Norge (Innst. 138 S (2017–2018), jf. Dokument 8:85 S (2017–2018))

Eg skal forsøkje å vere nesten like kort som representanten frå Arbeidarpartiet, utan at eg kan love det.

Utgangspunktet mitt er at eg meiner dette er ei sak som det strengt tatt kanskje blir brukt større ord om på begge sider enn det som trengst. Omtalen av risikoen for smitte, som har vore mykje brukt i denne debatten, ber ikkje heilt preg av det som var vurderinga til Mattilsynet, nemleg at ved å legalisere ville ein ha større kontroll på smittepress enn ein ville ha ved å fortsetje ei forbodslinje. Viss ein er oppteken av smittepress, kan ein f.eks. leggje vekt på det at ein faktisk liberaliserer, som eit positivt tiltak i den retninga.

Dyrevelferd er eit anna sentralt element. Viss ein erkjenner at det over tid, med vekslande regjeringar, har gått føre seg import av reptilar til Noreg som har gjort at ein har kome opp i fleire titusental reptilar, og at Mattilsynet har gjort det lettare å ha kontroll og føre tilsyn med dyrevelferda viss det er organisert i lovlege former enn viss ein held fram med forbod, kan ein, viss ein er oppteken av dyrevelferd, argumentere for den liberaliseringa som vart gjort. Slik kan ein eigentleg halde på, for det har ikkje vore nokon klare og eintydige råd på dette feltet. Då står ein igjen med grunnhaldninga: Er alt best viss det vert forbode, eller trur ein at det kan gå godt? Eg trur det kan gå godt, basert på dei faglege råda som Mattilsynet har gitt. Samtidig er det ingen tvil om at dei 19 artane som er plukka ut, er plukka ut nettopp med det i tankane at det er dei artane det er minst risiko ved Difor er også høvet til å eige reptilar i Noreg avgrensa til 19 artar. Det betyr noko for enkelte.

Ein av dei tinga som vart trekt fram av representanten frå Sosialistisk Venstreparti, var f.eks. alle dei høyringsinnspela som har kome om kor viktig dette kan vere for allergikarar. Det går an å seie at ein prioriterer andre ting enn allergikarane, men det er ingen tvil om at det har vore fleire positive høyringsfråsegner om det. Det viser at her er det ingen grunn til å hamne verken i den eine eller den andre skyttargrava. Dette vil skje i kontrollerte former, det vil skje med utgangspunkt i eit land med eit klart regelverk og med forståing for at dyrevelferda skal vere tilstrekkeleg teken vare på, og at vi skal fortsetje å kjempe mot risikoen for smitte frå dyr til folk. Den balansen kjem vi til å klare å finne også på dette området. 

Til toppen