Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 12 spørjetimen på Stortinget 24.05.2017 om arronderingssalet av Statskog sine eigedomar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Ingvild Kjerkol (A)

Spørsmål: 

«Arronderingssalget av Statskogs eiendommer har omfattet over 400 000 dekar. Nye 30 000 dekar er lagt ut for salg. Den største eiendommen, Bjørå på Høylandet, er på 10 000 dekar. Dette er mer enn salg av spredte skogteiger som Stortinget har åpnet for, og heller et ideologisk nedsalg av fellesskapets eiendom. Det setter allmennhetens tilgang til jakt og fiske i spill. NJFF Nord-Trøndelag har krevd stans i nedsalget.

Svar:

Eg takkar for spørsmålet, som openbert er stilt på feil premissar. Som eg også tidlegare har svart representanten Kjerkol i den ordinære spørjetimen, i november i fjor, er ikkje premissane i spørsmålet rette.

Først og fremst er eg ikkje einig i at salet til Statskog set dei framtidige moglegheitene til jakt, fiske og friluftsliv på spel. Det er to hovudgrunnar til det:

  1. Mesteparten av skogen og utmarka i Noreg er eigd av private. På desse areala er det god tilgang til jakt, fiske og friluftsliv, og allemannsretten som vi nyt godt av i Noreg, gjeld på både privat og statleg grunn.

  2. Arronderingssalet til Statskog utgjer mindre enn det føretaket har kjøpt av areal sidan 2010, og det er berre ein liten del av det samla arealet til føretaket. Det betyr at Statskog framleis skal vere ein viktig tilbydar av jakt, fiske og friluftsliv for allmenta, også i åra som kjem.

Eg har tidlegare sagt at eg meiner Arbeiderpartiets motstand mot det salet som dei sjølve var med på å vedta, er rein symbolpolitikk. Det vil eg gjenta i dag. Det var Arbeiderpartiet som ville at Statskog skulle få gjennomføre eit omfattande arronderingssal.

Under den raud-grøne regjeringa kjøpte Statskog eit samla areal på om lag 1,1 millionar dekar med skog og utmark. Styret i Statskog meinte dette opna for eit omfattande arronderingssal av spreidde skogeigedomar som føretaket eigde frå før, i Sør- og Midt-Noreg. Det syntest Stortinget var ein god idé, og dei oppfordra Statskog til også å vurdere sal i Nordland og Troms.

Frå starten var det planlagt å selje om lag 600 000 dekar, men etter ei grundig vurdering opna denne regjeringa for at salet kunne utvidast med 150 000 dekar til. Det er altså slik at vi no har selt om lag 400 000 dekar – mindre enn Arbeidarpartiet opphavleg tok til orde for. 

Når vi er ferdige med dette arronderingssalet, vil Statskog framleis vere ein stor grunneigar – ein større grunneigar no enn i 2010 – og eigedomsstrukturen i skogbruket vil vere basert slik at han faktisk gjev betre grunnlag for lønnsam drift av skogressursane. Vi ser at med denne regjeringa sin skogpolitikk, som både handlar om å gje moglegheit for rasjonelle eigedommar og om å satse på utbygging av infrastruktur og gjere det lettare for tømmertransporten å kome fram, aukar avverkinga. Dette har fungert etter intensjonen.