Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 13 spørjetimen på Stortinget 24.05.2017 om nedsalg i Statskog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Tone Merete Sønsterud (A)

Spørsmål:

«Skognæringen har et stort potensial for industriutvikling og videreforedling, ikke minst i skogfylket Hedmark. Statskog som en stor aktør, bør være en motor i å utvikle en av framtidens viktigste næringer av det grønne gullet.

Hvis statsråden er enig i at vi bør utvikle skognæringen videre, hvorfor gjennomfører han da et storstilt nedsalg i Statskog?» 

Svar:

Det er fordi det faktisk kjem til å bidra til å oppnå det målet som representanten spør om i innleiinga si. Eg er heilt einig i at det er ein god idé – som òg Arbeiderpartiet meinte – både for Statskog, for det private skogbruket, for skognæringa og for samfunnet å fortsetje dette arronderingssalet. Det er eit stort potensial for auka verdiskaping, ikkje minst i skogfylket Hedmark. Det er ein av grunnane til at vi no for første gong på 18 år har lagt fram ei skogmelding som handlar om å styrkje grunnlaget for norske skogressursar. Ho byggjer vidare på den politikken regjeringa allereie har ført, og har i stor grad tilslutning frå stortingsfleirtalet. Ho bidrar til framleis å fokusere på utbygging av infrastruktur og redusere kostnadene med tømmertransporten. Vi har f.eks. dobla tilskotet til infrastruktur på både veg og kai etter at vi overtok regjeringsmakta.

Men arronderingssalet til Statskog er også viktig. Grunnen til det er at det gjev ei meir effektiv skogsdrift i Statskog, som er eit selskap som bidrar til statsbudsjettet og med det også byggjer grunnlaget for vår felles framtid og velferd. Det bidrar også til at private skogeigarar i aukande grad opplever å ha fornuftig arrondering på skogteigane sine, og avverkinga kan aukast.

Dersom vi skal utløyse dei fantastiske skogressursane vi har, til lønsam verdiskaping i Hedmark og i andre viktige fylke i landet vårt, er vi faktisk nøydde til å ha private skogeigarar som finn lønsemd i det. Det skjer no i veldig stor grad, og det vi ser av desse arronderingssala, er at 90 pst. av salet går til andre skogeigarar i eigen kommune – i den kommunen som skogeigedomen allereie ligg – til skogeigarar i nabokommunen eller til kommunane. Dette viser at den politikken vi har ført, som vert gjennomført gjennom dette arronderingssalet, og som Arbeidarpartiet brukte å vere for, faktisk har bidratt til at vi får meir rasjonelle driftseiningar i skogbruket.