Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 27 i spørjetimen på Stortinget 23.11.2016 om Statskog sitt sal av eigedomar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Knut Storberget (A).

Spørsmål:

Statskog selger i høst 15 eiendommer som samlet utgjør ca. 73 000 dekar. Flere av oss har ment at arronderingssalget nå burde være ved sin grense, og at det etter kjøpet av skog fra Borregaard/Orkla nå er solgt nok av dette for arrondering. Statskog kan spille en viktig rolle i utvikling av skogbruket. Vi trenger en stor aktør som Statskog i fellesskapets eie, og som ikke svekkes.

Er regjeringen nå villig til å stanse ytterligere salg av fellesskapets eiendom i Statskog?

Svar: 

Svaret på det er nei, og det bør følgjast opp av eit direkte spørsmål til Arbeidarpartiet: Kva er det som gjer at Arbeidarpartiet no har snudd?

Utgangspunktet for nedsal av Statskog sine eigedomar handlar om at når ein fekk lov å kjøpe Orkla/Borregaard sine eigedomar i 2010, fastsette dåverande raud-grøne regjering, der Arbeidarpartiet var ein dominerande aktør, at ein skulle selje 600 000 dekar av Statskog sine eigedomar. Hittil har ein selt 440 000 av dei dekara som Arbeidarpartiet fastsette. Så spørsmålet snarare enn om regjeringa no bør stoppe opp, burde vere: Kva er det som har endra seg for Arbeidarpartiet frå 2013 til 2016, som gjer at Arbeidarpartiet no meiner det er feil å følgje opp sitt eige vedtak om nedsal i Statskog?

For meg er det viktige at dette salet no går veldig godt. I stor grad er det lokale, eksisterande skogeigarar som kjøper desse eigedomane. 70 pst. av det som er omsett, er kjøpt av lokale skogeigarar i eigen kommune. I tillegg til det er Miljødirektoratet kjøpar, kommunesektoren sjølv kjøper skogeigedomar, og skogeigarar i nærliggjande kommunar kjøper skogeigedomar. Så dette er ein betydeleg styrking av det lokale eigarskapet til skog, eit lokalt eigarskap som vil sikre god avverking, lønsam avverking og moglegheit for ein ny skogindustri. Det er det viktigaste for meg, og derfor vil salet av Statskog sine eigedomar halde fram – i tråd med både den bestillinga som Statskog fekk då Arbeidarpartiet styrte, og den tilleggsbestillinga ein har fått under denne regjeringa.