Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 16 spørjetimen på Stortinget 26.05.2018 om auka kostnadar til diesel og energi i jordbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Nils T. Bjørke (Sp).

Spørsmål:

«Inntektene i jordbruket har stupt. Hovedårsaken er økte avgifter. Av den samlede inntektsnedgangen kommer 60 pst. som følge av økte kostnader til diesel og energi. CO2-avgiften på anleggsdiesel har økt med 45 pst. på to år. I jordbruket var det en forventning om at avgiftene for næringa ville gå ned.

Vil statsråden sørge for å redusere avgiftene for å styrke norsk matproduksjon?»

Svar:

Budsjettnemnda for jordbruket utarbeider eit felles grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane som partane legg til grunn. Der har ein rett nok registrert ein nedgang i den samla inntekta per årsverk for jordbruket frå 2016 til 2017 på om lag 1,5 pst. Dei prognostiserer med ei vidare svekking på om lag 2 pst. frå 2017 til 2018. Dersom ein ser dei siste fire åra samla, er det likevel feil at inntektsnedgangen for jordbruket er stor. Det har vore ei betre inntektsutvikling for jordbruket enn for andre grupper i samfunnet.

Årsaka til nedgangen dei to siste åra er slett ikkje auka avgifter, slik representanten Bjørke påstår i spørsmålet sitt. Det kunne han nok sjølv ha funne ut dersom han brukte fleire kjelder for spørsmålet enn avisa Nationen.

Som ein del av det grøne skatteskiftet vedtok Stortinget å auke CO2-avgifta på mineralolje med 28 øre per liter i 2017 og 13 øre per liter i 2018. I løpet av dei to åra har difor avgifta på diesel vorte auka med om lag 41 øre per liter. Ut frå det totale forbruket av diesel i jordbruket utgjer det ein samla auke av avgift på om lag 50 mill. kr. Budsjettnemnda har rekna ein total auke i kostnaden til diesel i jordbruket frå 2016 til 2018 på om lag 250 mill. kr. Talet for 2018 er då ei prognose. Avgiftsauken utgjer såleis ein femtedel av kostnadsauken for diesel og er slett ikkje hovudårsaka, slik representanten antyda i dag. Budsjettnemnda har rekna ein total kostnadsauke på over 1,5 mrd. kr i jordbruket i perioden 2016–2018. Dette er det gjort greie for også tidlegare.

I tillegg til at jordbruket har fått ein auka avgift på om lag 50 mill. kr på drivstoffet sitt, har ein fått kompensert dette med om lag 55 mill. kr. Det betyr at ein ikkje har lide last av den auka avgifta, i motsetning til alle andre yrkesgrupper, som har måtta betale denne rekninga sjølve.

Bøndene er sjølvstendig næringsdrivande, og landbrukspolitikken legg rammene som dei tilpassar seg innanfor. Auka prisar og auka tilskot kan gje høgare inntekter i næringa, men vi ser no at det på fleire område har vorte høgare produksjon enn det er etterspurnad etter. Det gjev lågare prisar og redusert inntekt. Denne overproduksjonen er ein langt viktigare grunn til at den berekna inntekta i jordbruket har falle, og bør uroa representanten Bjørke langt meir enn ein auke av ei avgift som allereie er kompensert. Korleis det går an å trekkje ei slik slutning representanten Bjørke gjer i sitt spørsmål, er for meg komplett uforståeleg.