Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 21 i spørjetimen på Stortinget 6.4.2016 om jordvern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representant Janne Sjelmo Nordås (Sp) på vegne av representanten Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål:
Stortinget har vedtatt en ny jordvernstrategi som innebærer et mål om at mindre matjord skal bygges ned.

Hvordan blir det nye jordvernmålet fulgt opp av regjeringen? 

Svar:

Regjeringa la fram sin jordvernstrategi i juni 2015 og er i gang med gjennomføringa av den. Det gjer vi i tråd med Stortinget sine vedtak.

Stortinget behandla denne jordvernstrategien og fatta oppmodingsvedtak i desember 2015, med andre ord for om lag fire månader sidan. Eit samla storting vedtok eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka mark skal under 4 000 mål innan 2020, og at dette målet skal ein nå gradvis. Stortinget har bede om rapportering på dette i samband med revidert nasjonalbudsjett. Mitt svar må difor sjåast på som foreløpig og ikkje uttømmande. Uttømmande svar vil verte lagt fram for Stortinget i tråd med eige vedtak.

Eg vil også minne om at det i perioden med raud-grøn regjering, altså i åra frå 2004 til 2013, i snitt vart omdisponert 7 600 mål årleg, altså nesten det dobbelte av det nye målet. Omdisponeringa av dyrka mark har dei siste åra vist ein fallande tendens, og var i 2014 på 5 710 dekar, altså under det målet som den førre regjeringa hadde sett, på 6 000 dekar. Det endelege resultatet for 2015 kjem i juni, men foreløpig tyder tala på at vi også i 2015 vil liggje under gjennomsnittet frå den tida då Senterpartiet sat i regjering. Det er eg tilfreds med.

Etter at Stortinget fatta det nye målet, har eg sendt brev til alle kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene om målet og peika på den rolla som dei har i planlegginga. Eg meiner at eit slikt brev er eit sterkt signal til kommunane og fylkeskommunane om at jordvern er eit viktig omsyn å sikre, og eg har tillit til og forventningar om at dei følgjer det opp.

Eg har allereie gjeve i oppdrag til fylkesmennene gjennom tildelingsbrevet for 2016 å gjennomføre eit skuleringsopplegg for lokalpolitikarar, og eg vil i tida framover møte KS for å følgje opp med omsyn til korleis vi konkret i fellesskap kan samarbeide får å nå dei aktuelle måla.

Eitt av dei aller viktigaste tiltaka for strukturelt å styrkje jordvernets posisjon gjeld spørsmålet om kommunestruktur. Auka fart i kommunestrukturen vil bidra til i større grad å leggje grunnlaget for å nå jordvernmåla. Eitt eksempel på dette er kommunane Hå, Klepp og Time, som konkret har sett nye forventningar om å sikre jordvernet dersom ein faktisk slår seg saman til éin samla kommune. Dersom Senterpartiet også i praksis er oppteke av jordvernet, er eitt av dei fremste bidraga faktisk å få til ei reformering av kommunestrukturen. Det vil vere eit kjempepositivt bidrag frå Senterpartiet for å bidra til styrkt jordvern. Framfor å stikke kjeppar i hjula for den prosessen som no føregår, kunne svaret ha vore at ein faktisk bidrog. Det hadde vore langt meir konstruktivt.