Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 23 i spørjetimen på Stortinget 27.4.2016 om målpriser

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål:

Økte målpriser har vært en sentral del av de to siste jordbruksoppgjør.
Hvordan vil resultatet av forhandlinger om internasjonale avtaler kunne påvirke muligheten til å øke målprisene i kommende jordbruksoppgjør?

Svar:

Det norske jordbruket er på mange område i konkurranse med omverda. Importen av landbruksvarer har auka. Slik har det vore i mange år. Prisskilnaden på råvarer i jordbruket mellom Noreg og omverda har også auka dei siste åra, t.d. på meierivarer der prisane i EU no er på eit lågt nivå. Det er naudsynt at prisendringane på jordbruksvarer ikkje utviklar seg på ein måte som svekker konkurransekrafta til norsk jordbruk og matindustri. Då vil vi tape marknadsdelar. Grunnlaget for eit omfattande norsk jordbruk og bruk av areal over heile landet vil reduserast om dette skjer. Det gjeld både varer vi har målprisar på og andre varer, som nå utgjer om lag 40 pst. av marknadsinntektene i jordbruket.

Eg vil peike på, som også representanten Pollestad beskriver, at auka målprisar var ein heilt sentral del av ramma i dei to siste jordbruksoppgjera, men likevel var auken i realverdi under halvparten av gjennomsnittet under førre regjering. Det er fordi denne regjeringa tek prisutfordringa på alvor.

Noreg sine WTO-forpliktingar inneber at vi ikkje kan ha meir enn 11,4 mrd. kr i handelsvridande stønad, såkalla gul boks. For Noreg utgjer målprisane ein stor del av denne stønaden. For 2014 har Noreg rapportert stønad i ei gul boks på 9,8 mrd. kr til WTO, det vil seie at handlingsrommet oppover er ytterligare1,7 mrd. kr, om du ikkje skal overskride denne føringa. Vi har anslått at gul stønad vil auke monaleg i 2015, bl.a. på grunn av stor kornproduksjon, men det ligg ikkje an til at bindinga vil verte endra dei næraste åra.

Noreg tek del i fleire forhandlingar som har auka handel som mål. Det gjeld m.a. frihandelsavtalar med fleire land og artikkel l9-forhandlingar om auka handel med landbruksvarer med EU. Gjennom EØS-avtalen er Noreg forplikta til kvart anna år å gjennomgå handelen med landbruksvarer med tanke på ei gradvis liberalisering. Regjeringa har likevel som mål å ivareta norske interessert best mogeleg. Difor er det ein sentral del av regjeringas landbrukspolitikk også å utvikle næringa slik at ho toler auka konkurranse over tid. Det vil gje grunnlaget for at vi framleis kan ha ein stor norsk matproduksjon og bruke jordbruksareal over heile landet. Eg trur på å styre utviklinga, framfor å bli styrt av ho. Difor har denne regjeringa prioritert auka konkurransekraft i landbruket. Det er det viktigaste bidraget vi kane gje i den verda vi lever vi.