Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 28 i spørjetimen på Stortinget 23.11.2016 om endringar i konsesjonsloven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål fra representanten Odd Omland (A)

Spørsmål:

Konsesjonsloven er viktig for norsk mat-produksjon, lokalt eierskap og bosetting i distriktene. Regjeringen fikk ikke støtte for å fjerne hele loven, men har sendt på høring forslag om blant annet å heve arealgrensene for konsesjon, boplikt og odel fra 25 til 35 dekar. Dette vil føre til at svært mange gårder, blant annet i Vest-Agder, ikke lenger blir omfattet av loven, og vi kan få en helt annen eierstruktur i landbruket. Høringen viser at mange er negative til endringene.

Vil statsråden nå skrinlegge forslaget om endringer i loven?"

Svar: 

President,

Det vil eg ikkje. Eg er beden av fleirtalet på Stortinget om å sende dette forslaget på høyring. Det har eg gjort. Så skal eg summere opp høyringsinnspela og melde tilbake igjen til Stortinget basert på det.

Men det er heilt rett at det kan verte ein litt annan eigarstruktur i jordbruket med desse forslaga. Først og fremst er det grunnleggjande positivt, for i dag ser vi ein situasjon i norsk jordbruk der leigejorddelen stadig går opp. Berre frå 2008 og fram til det siste talet vi har i 2014, har leigejorddelen i norsk jordbruk gått opp, til 44 pst. i 2014. Han var på 38 pst. nokre få år tidlegare.

Viss denne utviklinga fortset, kan Arbeidarpartiet snakke alt dei vil – på inn- og utpust – om at ein hadde ønskt sjølveigande bønder landet over. Men utfordringa er at dei bøndene som driv i norsk jordbruk i dag, i stadig mindre grad eig dei areala dei driv på.

Ein av dei viktigaste tinga vi kan gjere i landbrukssektoren, er å sørgje for ein velfungerande eigedomsmarknad, som gjer at folk kan kjøpe seg eigedomar, investere der og drive jordbruk fordi dei finn ein verdi i det, fordi det gjev lønsame arbeidsplassar, og fordi ein ønskjer å drive norsk jordbruksproduksjon.

Kva er det som gjer at Arbeidarpartiet meiner at 25 dekar er den rette grensa, og ikkje 20? Det vil alltid vere grenseutfordringar når ein fastset nye grenser.

Det dette handlar om, er at folk som eig sine eigne gardsbruk akkurat som alle andre folk eig sitt eige hus, i størst mogleg grad sjølve er i stand til å vurdere korleis dei eigedomane skal omsetjast. At Arbeidarpartiet vil ta makta frå grunneigar og flytte ho til forvaltingsorgana i kommunesektoren eller høgare opp, er for meg ei gåte. Alle dei bøndene eg har møtt gjennom desse elleve månadene som statsråd, har vore opptekne av å utvikle gardsbruka dei kjem frå, opptekne av å skape verdiar i bygda dei bur i. Eg er heilt sikker på at over tid gjer alle dei folka som bur ute i Distrikts-Noreg, gode vurderingar knytte til sin eigen eigedom, og dei kjem til å gjere minst like gode vurderingar som dei vi er i stand til frå kontora våre i Oslo.