Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 23 i spørjetimen på Stortinget 1.2.2017 om jordbruksmeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Knut Storberget (A)

Spørsmål:

Under høringen om landbruksmeldingen ga flere unge, blant annet elever fra Jønsberg landbruksskole, uttrykk for at meldingens tiltak ville vanskeliggjøre rekruttering til næringa. Mange unge er kritiske til at velferdsordningene svekkes, og blir usikre på om de skal satse på landbruket.

Svar:

Eg kan forstå den bekymringa basert på den diskusjonen som eg har følgt etter framlegginga av jordbruksmeldinga, men eg kan slett ikkje forstå ho basert på dei substansforslaga som ligg i jordbruksmeldinga.

Det er nokre viktige føresetnader som må på plass for at vi skal klare å rekruttere ungdom til jordbruksnæringa. Den første er at dei trur at det er ei framtid der. Det ser vi i stor grad at ungdom faktisk trur. Fleire unge vel å investere – investeringslysta i jordbruket er større enn på veldig mange år.

Eit av dei andre forholda som må vere på plass, er at det faktisk går an å leve av å drive med matproduksjon. Basert på den jordbruksavtalen som var inngått for 2017, i mai 2016, veit vi at den prognostiserte inntektsveksten i perioden 2014–2017 er 18 ¾ pst. Det er betydeleg meir enn for andre grupper. Vi ser at nedgangen i areal i jordbruket flatar ut, og at færre bønder gjev seg enn tidlegare. Jordbruksmeldinga varslar nye tiltak, f. eks. ei tydelegare arbeidsdeling mellom flatbygder og sentrale strøk, som gjer at ungdom i heile Distrikts-Noreg kan satse på ei framtid i jordbruket, f.eks. gjennom at vi i staden for å prioritere ei tidleg pensjonsordning til bønder som skal selje garden og slutte med å drive matproduksjon når dei er 62 år, heller styrkjer investeringstilskota til unge under 35 år, for å gjere det lettare å finne vegen inn i jordbruket i staden for å gjere det lettare å finne vegen ut av jordbruket. Når vi føreslår at fleire bønder, fleire unge bønder også, får større fleksibilitet, gjennom avløysarordninga f. eks., til først å få pengane direkte til seg i staden for via eit tredjeledd, bidreg det til at ein har større fleksibilitet til å velje i kva periode ein vil ha hjelp, kor mykje avløysarane vil ha, eller om ein i ei fase der ein byggjer seg opp, vil bruke noko meir pengar av det ein har fått, til å gjere ein eigeninnsats, og så spare ferien til året etterpå. Så eg meiner at meldinga peiker på mange fleksible ordningar som norsk ungdom som vil inn i jordbruket, vil profittere på.

Jordbruksmeldinga seier også at vi skal ha eit klart mål om å auke norsk matproduksjon. Det gjev forretningsmoglegheiter for norsk ungdom. Meldinga peiker på viktige rekrutteringstiltak som å styrkje kompetansen for dei som vel å utdanne seg innanfor norsk jordbruk, ulikt, variabelt, f. eks. gjennom det arbeidet som regjeringa skal gjere saman med bondelaga no for å sjå på moglegheita for vaksenagronomutdanning, slik at også aktørar som er komne inn, men som ikkje har formell utdanning, kan få det.

Så meldinga viser mange gode forslag for å styrkje grunnlaget for at norsk ungdom vel norsk jordbruk. Difor kan eg ikkje forstå bekymringa basert på det faktiske innhaldet i meldinga, men eg greier å forstå at nokre stiller seg spørsmålet basert på den diskusjonen som bl.a. Arbeiderpartiet har bidrege til å halde liv i etter framlegginga.