Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på skriftleg spørsmål nr. 51 vedr. merkeordninga Nyt Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp)

Representanten Navarsete har i brev av 8. oktober 2015 stilt følgjande spørsmål:

Kan statsråden gjere greie for kva produkt som ikkje lenger vil få offentleg støtte til å nytte merkeordninga Nyt Noreg, kva overgangsordningar departementet ser føre seg for desse merka, og kva statsråden trur blir dei økonomiske konsekvensane for dei merka som ikkje lenger får nytte merkeordninga Nyt Noreg? 

Innleiingsvis vil eg peike på at det er berre eit lite fåtal av produkta i Nyt Noreg-ordninga som ikkje lenger kan få statsstøtte som følgje av pålegg frå ESA. Ei oversikt som blei utarbeida tidlegare i år syner at berre 137 av 2214 produkt (eller 6,2 %) som i dag er merka Nyt Noreg, er omfatta av Protokoll 3 til EØS-avtala. Det er desse produkta som etter ESA sitt syn ikkje lenger kan vere omfatta av den offentlege finansieringa av ordninga. Blant desse produkta finn me mellom anna produkt som potetmos, potetlomper og –lefser, gin, vodka, akevitt, ferdiggraut, vatn, smakstilsett yoghurt og syrna mjølk. 

Det er den uavhengige stiftinga Matmerk som administrerer ordninga. Dei samarbeider med produsentane av dei aktuelle produkta for å avklara kor lang tid omstillinga vil ta og korleis den skal gjennomførast. Detaljane i dette arbeidet er førebels ikkje klart. 

Ordninga vil bli endra for dei aktuelle produkta, slik at produsentane sjølv må dekkje omkostningane ved eventuelt å bruka Nyt Noreg-merket. Dei bedriftene som eventuelt ikkje ynskjer å dekkje kostnadene ved bruk av Nyt Noreg-merket sjølv, må fase ut bruken av merket. Ein vil leggje til rette for ei overgang for desse, slik at kostnadar knytt til mellom anna emballasje blir så låge som mogleg. Desse elementa greier Matmerk no ut i samarbeid og dialog med dei bedriftene det gjeld. 

Med helsing  

Sylvi Listhaug