Historisk arkiv

Landbrukseigedomar utan busetting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Reguleringar som buplikt, offentleg prisregulering og kommunale reguleringsplanar, har ei underordna og marginal tyding for at landbrukseigedomar utan busetting ikkje vert lagt ut for sal, visar ei ny undersøking.

Reguleringar som buplikt, offentleg prisregulering og kommunale reguleringsplanar, har ei underordna og marginal tyding for at landbrukseigedomar utan busetting ikkje vert lagt ut for sal, visar ei ny undersøking.

Norsk senter for Bygdeforsking har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet gjennomført ei utgreiing om lokalisering, tilstand, eigarar og eigarforhold på eigedomar utan busetting, og kva faktorar som hemmar og fremmar omsetnaden av landbrukseigedomar utan busetting.

Kjenslemessige relasjonar
Utgreiinga visar at det er dei sosiale og kjenslemessige relasjonane til eigedomane, og spesielt bindingar mellom slekt og eigedom, som i fremste rekkje hindrar eigarar som ikkje sjølv bur på eigedomen sin i å selje. I tillegg vil mange behalde eigedomen som fritidsbustad.

- At det er dei kjenslemessige aspekta knytt til landbrukseigedomar som er avgjerande, underbygg at det ikkje er pengane som styrer takta på omsetnaden. Eg er styrka i mi overtyding om at den typen haldningskapande arbeid vi har prioritert er den rette veien å gå, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. – Det er viktig å kommunisera til eigarane at dei sit på ein nøkkelressurs i lokalsamfunnet, seier Brekk.

Om lag 34 500 av dei registrerte landbrukseigedomane i Noreg med bustadhus er utan fast busetting. Ein større del av eigedomane utan busetting ligg i dei minst sentrale kommunane i landet, men ein ikkje ubetydeleg del ligg i dei mest sentrale kommunane. Undersøkinga visar at sjølv om eigaren ikkje er busett på eigedomen, er det berre 21 prosent av eigedomane som står tomme heile året. I alt 23 prosent av bustadane blir utleigde som heilårsbustad, mens resten blir utleigd som feriebustadar eller er i bruk av eigarens familie på andre måtar.

Uaktuelt å selje eigedomen
Nesten halvparten (45 prosent) av eigarane meiner det er heilt uaktuelt å selje eigedomen, uavhengig av prisen dei kan oppnå ved eit eventuelt sal. Analysen viser også at dei som nyttar eigedomen som fritidsbustad i noko mindre grad er villig til å selje enn andre eigarar.

Få av eigarane driv jordbruk eller har planar om å starte anna næringsverksemd basert på eigedomens ressursar. Samanlikna med eigedomar der eigaren sjølv bur på eigedomen, blir eigedomane utan busetting vurdert av eigarane som mindre eigna til næringsverksemd. Tre av fire eigedomar har ikkje vore i drift dei siste ti åra, mens for 61 prosent av eigedomane er heile eller delar av jordbruksarealet leigd ut til bønder i lokalsamfunnet. Mange av eigarane vurderer sjølv standarden på bustadhusa som god, medan standarden på driftsbygningane vurderast å vere langt dårlegare.

Må bo folk på gardane
- Garden med areal og bygningar, og den menneskelige kompetansen, er ein særleg viktig ressurs på bygda. Det er utgangspunkt for all næringsutvikling, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. – Gardsbruk utan busetting skaper inga utvikling i det enkelte lokalsamfunn. Skal vi få til verdiskaping og næringsutvikling må det bu folk på gardane, seier Brekk.

Småbruk
- Garden med areal og bygningar, og den menneskelige kompetansen, er ein særleg viktig ressurs på bygda, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. Foto: Tore Wuttudal, Samfoto

Om undersøkinga
Norsk senter for Bygdeforsking har samla informasjon frå lokale prosjekt som har hatt som formål å få til busetting og aktivitet på landbrukseigedomar utan busetting, gjennomført ein casestudie av tre slike prosjekt, nytta data frå Landbrukseigedomundersøkinga som Bygdeforsking gjennomførte i 2008, og data om landbrukseigedomar frå Statistisk sentralbyrå.