Historisk arkiv

Låneverksemda til Husbanken skal vidareførast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 06.10.06

Regjeringa føreslår ei vidareføring av låneramma til Husbanken på 13,0 milliardar kroner i 2007.

Pressemelding

Nr.: 83/2006
Dato: 06.10.2006

Låneverksemda til Husbanken skal vidareførast

Regjeringa føreslår ei vidareføring av låneramma til Husbanken på
13,0 milliardar kroner i 2007.

- Låneramma er godt tilpassa bustadmarknaden, og gir gode føresetnadar for auka bruk av startlån til unge og vanskelegstilte, seier kommunal- og regionalminister
Åslaug Haga.

Innafor låneramma prioriterer Husbanken:

  • Startlån til unge og vanskelegstilte
  • Grunnlån for å fremme universell utforming og miljø
  • Barnehagelån

Regjeringa foreslår også å avvikle dei øyremerkte lånemidla til sjukeheimsplassar, eldrebustader og rehabiliteringsheim i utlandet. Frå ordninga blei innført i 2003 er det berre gitt ei tilsegn om lån og det er ingen etterspurnad no. Lånemidla i 2006 var på
0,5 milliard kroner.

Husbanken kan frå hausten 2006 gi eit tilbod om 10-års fastrente. Dette gjer at lånetakarar som er særleg utsette for renterisiko kan velje mellom flytande rente og lån med fastrente med 3-, 5- og 10-års binding. Husstandane vil med dette få høve til å velje og i større grad få tilpassa låneprodukt etter si betalingsevne, seier kommunal og regionalminister Åslaug Haga.