Historisk arkiv

Langt fleire tok og bestod Statsborgarprøva i 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

I løpet av fjoråret var det totalt 8972 personar som tok Statsborgarprøva, ein solid auke frå året før. Ein større del enn nokon gong tidlegare bestod prøva.

– Mange har ønskt seg norsk statsborgarskap eller dobbel statsborgarskap. Det er gledeleg at fleire no får oppfylt ønska sine om det, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Prøva er eitt av fleire steg på vegen mot statsborgarskap. Talet på kandidatar som består statsborgarprøva har auka kraftig i 2020.  I 2017 var det 81 prosent, i 2018 var det 80 prosent, i 2019 var det 81 prosent, i 2020 var det 88 prosent. Auken kan vere eit resultat av at det blei opna for dobbelt statsborgarskap frå 1. januar 2020.

Graf over antall personer som gjennomfører statsborgersprøven per år
Talet på kandidatar som består statsborgarprøva har auka kraftig i 2020.  I 2017 var det 81 prosent, i 2018 var det 80 prosent, i 2019 var det 81 prosent, i 2020 var det 88 prosent. Kjelde: Kompetanse Noreg

Nokre tok prøva meir enn ein gong, og det er variasjonar i resultata fylka og kommunane imellom (sjå tabell lenger ned).                 

Digital kunnskapsprøve 

For å få norsk statsborgarskap blei det frå 1. januar 2017 innført eit krav om å bestå ei prøve i samfunnskunnskap på norsk. Dette kravet er oppfylt dersom søkaren har bestått enten statsborgarprøva. eller den avsluttande prøva i samfunnskunnskap på norsk for vaksne innvandrarar.  

Statsborgarprøva er ei kunnskapsprøve med utgangspunkt i læreplanen for opplæring i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Prøva målar ikkje graden av integrering hos kandidatane. Det er Kompetanse Norge som utviklar prøva på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. 

Statsborgarprøva er digital, og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få spørsmåla leste opp ved hjelp av ei lydfil. Prøva består av 32 oppgåver. 24 av spørsmåla må vere svart riktig på,  for å få bestått. 

Nivået på oppgåvene varierer. Dei er likevel moglege å løyse oppgåvene dersom ein bur seg godt, og har gode nok språkkunnskapar.

98 prosent av kandidatane tok prøva på bokmål i 2019.

Resultat på Statsborgarprøva i 2020 fordelt på fylke 

Fylke 

Tal kandidatar 

Prosentdel bestått 

Prosentdel ikkje bestått 

Agder 

392 

87 % 

13 % 

Innlandet

366 

87 % 

13 % 

Møre og Romsdal 

399 

86 % 

14 % 

Nordland 

241 

72 % 

28 % 

Oslo 

2200

91 % 

9 % 

Rogaland 

1029 

89 % 

11 % 

Troms og Finnmark

389 

86 % 

14 % 

Trøndelag 

433

81 % 

19 % 

Vestfold og Telemark

472 

84 % 

16 % 

Vestland

936

89%

11

Viken

2115

88%

12%

Heile landet 

8972 

88 % 

12 %