Presseinvitasjon:

Lanserer ny handlingsplan for betre kosthald

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Bent Høie, klima- og miljøminister Vidar Helgesen, fiskeriminister Per Sandberg og landbruks- og matminister Jon Georg Dale lanserer tysdag 7. mars ny nasjonal handlingsplan for eit betre kosthald på måltidskonferansen "Måltidsglede – felles innsats for bedre kosthold" i Stavanger.

Handlingsplanen er tverrdepartemental og inneheld tiltak for å fremme eit sunt, variert og berekraftig kosthald i befolkninga. Med seg på konferansen har statsrådane blant andre Gunhild Stordalen i EAT Foundation, Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet og andre sentrale aktørar frå næringsliv, forsking, helsetenesta og frivillige organisasjonar.  

Lunsjen, kl. 12.15-13.15, spis statsrådane saman med Gunhild Stordalen i EAT Foundation. Maten er laga av kokkane på Reena i Stavanger, som er utfordra til å servere ein sunn og næringsrik lunsj, til prisen av eit måltid på sjukeheim. Pressa kan ta bilete og gjere intervju under delar av lunsjen.

Les meir om konferansen

Tidspunkt: Tysdag 7. mars kl. 09.00-16.30

Stad: Clarion hotel Energy, Ishockeyveien 2

Pressekonferansen vil bli streama på regjeringen.no

Kontakt:

Helse- og omsorgsdepartementet:      
konst. kommunikasjonsdirektør Alexandra Reksten Tufteland, 986 35 115
kommunikasjonsrådgivar Nuria Barrabés Gørrissen, 474 03 943

Nærings- og fiskeridepartementet:   
kommunikasjonsrådgivar Lisa Nordøen, 934 19 402

Landbruks- og matdepartementet:    
kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, 919 19 893

Klima- og miljødepartementet:
kommunikasjonsrådgivar Jo Randen, 911 69 463

Pressa er velkommen til å delta og statsrådane er tilgjengelege for kommentarar.