Presseinvitasjon:

Lanserer ny maritim strategi

Næringsminister Monica Mæland (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) presenterer regjeringa sin nye maritime strategi, fredag 29. mai.

- For å sikre at Noreg også i framtida skal vere ein verdsleiande maritim nasjon, må vi sørgje for at næringa er konkurransedyktig og har evne til å omstille seg. Eg meiner strategien vil gi svar på korleis vi kan oppretthalde og utvikle den maritime næringa, seier næringsminister Monica Mæland.

– Vi har sterke maritime miljø i Noreg. Den maritime næringa i Noreg gir arbeid til over 100 000 menneske og skaper verdiar for nær 175 milliardar kronar i året. Vi må sjå denne næringa i ein større samanheng. Det er store moglegheiter i, på og under havet, seier finansminister Siv Jensen.

Stad: Sk/S Christian Radich, Akershusstranda 9, skur 32 (Akershusutstikkeren).
Når: fredag 29. mai, kl.09.30.

NB: All presse som ønsker å delta må registrere seg for å komme om bord. Journalister kan melde seg på til media@nfd.dep.no.

Med utgangspunkt i den politiske plattforma til regjeringa, vil strategien ta for seg åtte satsingsområde:

  1. Fartsområde.
  2. Miljø.
  3. Sjøfartsadministrasjon og forenkling.
  4. Kompetanse og utdanning.
  5. Forsking, utvikling og innovasjon.
  6. Internasjonale rammevilkår.
  7. Blå vekst.
  8. Nordområda.

Twitter: #maritimstrategi