Historisk arkiv

Lansering av Opptrappingsplan for rusfeltet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Priv. til red.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie lanserer opptrappingsplan for rusfeltet saman med FrP og samarbeidspartia Venstre og KrF.

Opptrappingsplanen skal styrke kapasitet og kvalitet i rustilbodet og sikre ei opptrapping av feltet frå 2016-2020. Planen omhandlar tre innsatsområde: tidleg innsats for å førebygge rusavhengigheit, behandling og oppfølgingstenester, som bolig og arbeid, i etterkant av behandling. Hovudinnsatsen vert retta mot kommunane.

Lanseringa finn stad i Østerdalsgata 7 i Gamle Oslo, som er eit kommunalt butilbod for menneske med rusproblem og eller psykiske lidingar. Butilbodet er eit samarbeid mellom bydelane Grünerløkka, St. Hanshaugen og Gamle Oslo og Lovisenberg DPS. Tilbodet har ei rekke felles aktivitetar for bebuarane, og skal i tillegg til å vere ein stad å bu, også gi moglegheit for kvalifisering til utdanning eller arbeid/ aktivitet.                        

Stad: Østerdalsgata 7, Gamle Oslo

Tid: Fredag 13. november, 12.00-13.00

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for intervju.                                       

Følg oss på Twitter og Facebook