Historisk arkiv

Lansering av portal for økologisk grunnkart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns innlegg på webinar om lansering av Klima- og miljødepartementets portal for økologisk grunnkart 3. desember.

Velkomen til lansering av portal for økologisk grunnkart. Dette er ein stor dag for miljøforvaltninga, og ein stor dag for naturen vår.

Naturen er sjølve livsgrunnlaget vårt. Den gir oss alt frå mat, medisin, pollinering og flaumdemping til opplevingar, og den tar opp CO2. Viss det står dårleg til med naturen, kan den ikkje levere dei tenestene vi menneska treng. Dessutan har sjølvsagt naturen ein eigenverdi i seg sjølv.

Trua natur er viktig å ta vare på. Minst like viktig er det å ta vare på den vanlege naturen som er trua av bit-for-bit nedbygging eller ein sum av påverknader. Kunnskap er heilt avgjerande for å vite korleis vi skal gjere dette.

I dag vil vi få presentert portalen for økologiske grunnkart. Samtidig får vi innsikt i det større arbeidet med å lage eit økologisk grunnkart for Noreg.

Det er ein stor og viktig oppgåve som er gjennomført. Portalen samlar og gjer tilgjengeleg kunnskapen om natur som vi treng, ikkje minst vi politikarar, når vi skal ta stilling til inngrep, vegbygging, næringsverksemd eller vernetiltak. 

Det er kanskje ikkje alle som tenker på Nordfjordeid, der eg kjem frå, når ein snakkar om norsk natur. Men min kommune, Stad kommune, er faktisk ein oase for det biologiske mangfaldet.

Eg har tjuvstarta testinga av portalen for det økologiske grunnkart. Eit enkelt søk på min heimstad Nordfjordeid finn både edellauvskog og  kystlynghei med svært høg verdi. Dette er både viktige kulturlandskap og viktig leveområde for naturmangfaldet. I tillegg finn vi hovudgyteområdet for sild ute i havgapet, og viktige gyteområde for torsk, sei, og hyse. Ser vi nøyare etter, så ser vi at ein av grunnane til dette er dei store tareskogane som gir fruktbare gyte- og oppvekstområde.

Ikkje minst ser vi at Nordfjord er ein nasjonal laksefjord, som skal bidra til å sikre villaksen for framtida. Her finn vi blant anna innløpet til viktige elver som Eidselva, og vi kan sjå at denne er ein del av verneplanområdet for Hornindalsvassdraget. Det betyr at den er sikra mot vidare kraftutbygging for å ta vare på natur og friluftsliv.

Det er informasjon som sjølvsagt er interessant for meg som kjem derfrå og kjenner til desse plassane. Men no er all denne informasjonen open og fritt tilgjengeleg for alle som verkeleg treng den og skal ta stilling til vernespørsmål og utbyggingsspørsmål, så dei veit kva dei gjer. Dette vil gi kommunar og andre eit viktig grunnlag for å sjå naturareal i samanheng, og hindre at vi bygger ned sårbar natur bit for bit. I alle fall viss det er politisk vilje til det.

Det økologiske grunnkartet er ei samling av ulike kartlag som gir kunnskap om kvar naturtypar, artar og landskapstypar finst i landet.

I tillegg til ny kartlegging og innhenting av kunnskap, var det nødvendig med betre samordning av det som allereie var tilgjengeleg.

Miljødirektoratet har leia og koordinere dette arbeidet.

Det er blitt utvikla ny metodikk for kartlegging av natur etter Artsdatabanken sitt system, Natur i Noreg. Kartlegginga har skjedd på meir einsarta måte. Kvite flekkar på kartet skal også kartleggast, og det er blitt gjort.

Det som er prioritert, er naturtypar på land som enten er trua, nær trua eller har ei viktig oppgåve i eit økosystem i område med stort utbyggingspress. Kunnskapsinnhentinga var målretta for å unngå at vi bygger ned verdifull natur eller mistar den på andre måtar.

Innan utgangen av dette året har Miljødirektoratet kartlagt meir natur enn dei samla bebygde areala i Noreg. Det høyrest mykje ut. Men det er ein liten del av Noreg som er bebygd. Kartlegginga svarer til 1,8 prosent av Noregs areal. Men vi er eit stort land, så det er også mykje areal.

Det er ikkje nok å berre samle inn ny kunnskap.

Den må òg bli samanstilt og gjort tilgjengeleg på ein lett måte.

Viktige kartdata om norsk natur som finst i miljøforvaltinga, vitskapsmiljø og i ulike sektorar er samanstilt og gjort tilgjengeleg.

I tillegg til data om kvar vi finn natur, kan andre typar data seie noko om kvifor vi finn akkurat denne naturen på ulike stader. Dette bidrar til at vi ikkje trår feil når vi forvaltar den.  

Derfor vart det nedsett ei direktoratsgruppe leia av Miljødirektoratet, med etatar på tvers av sektorar. Hensikta var å sørge for eit godt samarbeid på tvers for å gjere all kunnskap tilgjengeleg for alle.

Det siste elementet som måtte på plass, var sjølve portalen for økologiske grunnkart

Artsdatabanken har utvikla denne, i tett samarbeid med direktoratsgruppa.

Portalen gjer den kartfesta informasjonen tilgjengeleg for alle på ein enkel måte.

Brukarar kan merke område på kartet  og få tak i relevant kartfesta informasjon om natur frå ulike kjelder.

Om du er forvaltar i kommunen og treng oversikt til ein plansak, eller om du er forskar og treng meir data til ditt prosjekt, kan du lett gå inn og søke i portalen og laste ned kvalitetssikra data til eige bruk.

Slik kan kommunane få større oversikt over sin natur, og lettare dele informasjon mellom regionar. Vi kan lettare sørge for at utbygginga skjer med omsyn til heilskapen i norske naturverdiar.

No er arbeidet retta inn mot å få meir og meir data gjort tilgjengeleg. og her kan alle sektorar bidra.

Portalen er ein viktig milepæl, som Artsdatabanken vil presentere seinare.

Men eg vil også seie litt om alt arbeidet som ligg bak.

I sum er arbeidet med det økologiske grunnkartet eit stort kunnskapsløft for Noreg, lagd på dugnad mellom fleire fagmiljø.

Vi treng denne kunnskapen fordi:

  • Endringar i arealbruk er den største trusselen mot naturen. Det er også eit hinder for å nå klimamåla. Klima og natur må vi sjå i samanheng.
  • Naturmangfaldet er fundamentalt for velfungerande økosystem.

Kongstanken bak økologisk grunnkart er å ha mest mogleg kunnskap om naturen tidlegast mogleg i planprosessane.

Men gevinsten ligg også i å innhente ny kunnskap, samle eksisterande kunnskap og gjere den tilgjengeleg.

Det vil framleis krevje arbeid for å dra nytte av kunnskapen og moglegheitene i økologisk grunnkart.

Men eg vil kome med eit eksempel.

Med å ta i bruk data frå økologisk grunnkart, lanserte Norsk institutt for naturforsking nasjonale kart over "Hotspots for trua artar i Noreg" no i år.

Karta er sannsynlegheitskart over kvar vi kan finne ulike konsentrasjonar av trua karplantar, insekt, sopp, lav og mosar. Dei er viktige indikatorar for område med verdifullt naturmangfald og fungerande økosystem.

Dette er modellerte data som det ville kosta enorme summar å gå ut og samle inn.

Viss dei har god nok kvalitet, kan slike analysar brukast til å peike ut kva for område som bør prioriterast i arbeid med å stanse tapet av naturmangfald.

Dette er ikkje det einaste svaret for å unngå at forvaltninga av natur skjer stykkevis og delt, men det er eitt av bidraga det økologiske grunnkartet kan gje.

Så er det slik at vi lever i eit demokrati. Politikarar tek beslutningar også over naturen. Ein kan lure på av og til om ein gjer ting med vilje eller berre ut frå mangel på kunnskap. Men med denne typen verktøy er mangel på kunnskap ikkje lenger nokon unnskyldning. Eg trur det gjer at vi skjerpar oss, og eg trur at det alltid er bra å vite kva ein gjer. Så får det heller vere politisk ueinigheit om ein skal gjere det eller ikkje.

For å oppsummere:

Eit robust grunnlag for heilskapleg naturforvaltning er det vi snakkar om her. Satsinga på økologisk grunnkart har gitt oss ny kartlegging av natur på ein meir einsarta og heilskapleg måte. Det er bra.

Vi har forbetra måten vi delar og gjer tilgjengeleg informasjon om natur på tvers av sektorar.

Vi samanstiller eksisterande og ny kunnskap.

I sum er blir dette det økologiske grunnkartet for Noreg.

Vi har fått dei riktige verktøya og rigga oss godt. No fortset arbeidet, slik at vi kan fylle det økologiske kartet med meir kunnskap.

Det gjer meg ikkje så reint lite stolt som klima- og miljøminister, og ikkje minst stolt over alle som har gjort eit enormt viktig arbeid. Eg vil avslutte med å takke alle som har bidratt i dette arbeidet.

Lykke til både med det vidare arbeidet med økologisk grunnkart og portalen!